Christian Alsaker vert einingsleiar for eigedom
Christian Alsaker er tilsett som einingsleiar for eigedom. Han har vore konstituert i stillinga sidan første januar.
Christian Alsaker
Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Silje Haukedal, seier at det var fleire gode kandidatar som søkte på stillinga.
- Eg er heilt trygg på at vi har fått den beste kandidaten på plass i denne rolla. Christian har gjennom dei siste fire månadene siste fire månadene vist at han på ein god måte balanserer behovet for å sjå det store biletet og rolla kommunen har som utviklingsaktør samstundes som at driftsoppgåvene må følgjast opp, seier Haukedal.
Christian Alsaker seier at han er takksam for å ha fått tilliten og ser fram til å samarbeida med gode kollegaer og samarbeidspartnarar eksternt.
- I tida som konstituert leiar har eg blitt godt kjent med oppgåvene som ligg under eigedom. Vi har mange utfordringar eg ser fram til å ta fatt i, seier han.
Silje Haukedal seier at ein viktig del av arbeidet framover vert å leggja til rette for vidare utvikling av god systematikk for gjennomføring av driftsoppgåver samstundes som eigedom tek ei sterk rolle som samfunnsutviklar.
Publisert 09.05.2023 16.55