Daniel Grindeland utnemnd til MOT-ambassadør

Breakdansaren Daniel Grindeland fra Absence Crew vart denne helga utnemnd til MOT-ambassadør på eldsjelsamlinga til MOT i Trondheim.

Daniel Grindeland og varaordførar Anita Garlid Johannessen - Klikk for stort bileteDaniel Grindeland og varaordførar Anita Garlid Johannessen

Varaordførar Anita Garlid Johannessen seier at ho er stolt av at ho fekk vera til stades då dette skjedde. Daniel har sjølv opplevd utanforskap, men fekk hjelp frå ein lærar på Fjell ungdomsskule og kom seg på rett kjøl.

-    Å få vera med på eldsjelsamlnga til MOT er alltid kjekt. Der er det gode føredragshaldarar, og dei har eit ganske så proft team som syr saman heile helga til ei flott oppleving, seier varaordføraren.

Her er delegasjonen frå Øygarden - Klikk for stort bileteHer er delegasjonen frå Øygarden.

Varaordføraren fortel at Daniel presenterte historia si (kortversjonen) om oppveksten sin. Det handla om korleis han opplevde det å vera utanfor, og korleis han klarte å bruka det han lærte i gymnastikktimane på vidaregåande skule til også hjelpa han i andre fag. 

Gjennom nitidig arbeid klarte han å koma i verdstoppen innan breakdance.

-    Eg trur at Daniel kan vera med og hjelpa mange av våre ungdomar som slit med ulike utfordringar. Han har vist at med hard innsats og at nokon har trua på deg, så kan du lukkast uansett. 

Anita Garlid Johannessen meiner at det handlar om aldri å gje opp at Daniel kan vera med og gjera ein forskjell.

-    Vi har mange ungdomar i Øygarden som ikkje har trua på seg sjølv, og som slit med å finna plassen sin. Eg trur at med Daniel si hjelp kan fleire forstå at dei er verdt noko, og at dei kan! seier ho.

Her er fleire bilete:

Daniel vert intervjua - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete