- De har grunn til å vera stolte

Det var invitert til fest på Sotra Fiskeindustri onsdag for å markera utviding av filetproduksjonshallen og ny moderne fileteringsmaskin. Det er investert for 70 millionar kroner. Ordførar Tom Georg Indrevik fekk æra av å klippa snora for den utvida produksjonshallen.

Den nye filetmaskinen fungerer godt og har vore i produksjon i fire veker. - Klikk for stort bileteDen nye filetmaskinen fungerer godt og har vore i produksjon i fire veker.

Sotra Fiskeindustri har 235 tilsette på verksemda i Porsvika. Selskapet har frå 2021 vore eigd av Coast Seafood som har hovudkontor på Måløy. 

Ein av dei som var med på markeringa i dag var produksjonsleiar for filetavdelinga, Audrone Laucyte. 

- Min jobb er å passa på at alt fungerer som det skal og at vi har nok folk til å gjennomføra arbeidsoperasjonane. Vi nyttar tre ulike byrå når vi treng innleigde folk. No har vi innført to-skiftordning for dei 75 personane i avdelinga, seier ho.

Audrone Laucyte kjem opphavleg frå Litauen og har slått seg til ro i Øygarden. Ho bur med familie på Steinsland og har arbeidd på Sotra Fiskeindustri i snart to år.

- Eg har det godt her. Det er fint å jobba i ei bedrift med stor vekst. Sjefen min Trond Helge (Nyegaard) er grei og morosam, seier ho.

Audrone Laucyte - Klikk for stort bileteAudrone Laucyte

Glad for sjømatbedrifta

Tom Georg Indrevik seier at Øygarden kommune er glad for å ha ei bedrift som produserer sjømat slik Sotra Fiskeindustri gjer. Bedrifta har kundar i heile Noreg, USA, Europa, Australia og Asia. 

- Hadde de ikkje starta opp, så hadde vi ikkje stått her i dag. Bedrifta hadde kanskje vore ein annan stad i verda. Vi er utruleg takksame for det de har skapt her. De har grunn til å vera stolte, sa ordføraren.

Direktør i Coast Seafood, Sverre Søraa, sa at investeringa på 70 millionar kroner i utvida hall og ny filetmaskin er fase eín i ein planlagt ekspansjon i Porsvika. Det er forventning om å auka talet på tilsette opp mot 300.

- Vi er stolte over å visa fram dette som første fase i ei større satsing. Vi har fått ein fantastisk god behandling av kommunen, og saksbehandlinga har gått raskt. Det er viktig at næringslivet og kommunen står saman i planleggingsarbeidet, sa Søraa.

Ordførar Tom Georg Indrevik klipte snora. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik klipte snora.

Rosar dei tilsette

Trond Helge Nyegaard er dagleg leiar på Sotra Fiskeindustri. For han handlar det om hard jobbing. Han gav stor ros til dei tilsette som har vore med å bygja opp det Sotra Fiskeindustri er i dag. Mange av dei tilsette kjem frå Litauen, Estland og Polen og mange av dei har etablert seg i nærområdet. 

- Vi må vera eit team og arbeida kvar dag for å forbetra oss. Planlegging er rota til alt godt, sa han og minna om at det i tillegg til eksterne aktørar har vore fleire interne team som har jobba godt for å få realisert dette prosjektet.

Frå venstre; Trond Helge Nyegaard (Sotra Fiskeindustri), Marin Øvreby (Coast Seafood), Tom Georg Indrevik og Sverre Søraa (Coast Seafood). - Klikk for stort bileteFrå venstre; Trond Helge Nyegaard (Sotra Fiskeindustri), Martin Øvreby (Coast Seafood), Tom Georg Indrevik og Sverre Søraa (Coast Seafood).

Konferansier på markeringa, Kjetil Søyland, gav skryt til entreprenør Svallin, Torsvik Elektro og dei andre samarbeidspartnarane i dette prosjektet. 

Han presenterte også den nye filetmaskinen.

- Vi puttar det vi kan putta inn i den maskinen, sa han.

- Fisk altså, presiserte Trond Helge Nyegaard til begeistring for dei frammøtte.

Her er fleire bilete:

Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete

 


Tekst og foto: Vigleik Brekke