- De jobbar systematisk

- Øygarden kommune har eit godt grunnlag for å arbeida med desse viktige problemstillingane. Det seier stortingsrepresentant Mudassar Kapur etter å ha fått presentert TryggEst i Øygarden kommune på fredag. Han møtte ordførar Tom Georg Indrevik og varaordførar Anita Garlid Johannessen og to representantar for TryggEst.

Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Liv Golten, Trine Vik, Mudassar Kapur, og Anita Garlid Johannessen. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Tom Georg Indrevik, Liv Golten, Trine Vik, Mudassar Kapur og Anita Garlid Johannessen.

Kapur er fraksjonsleiar for Høgre i kommunal- og forvaltningskommiteen på Stortinget. Etter innføring i TryggEst fekk han omvising på Northern Lights i Energiparken.

TryggEst skal bidra til å forhindra, avdekka og handtera vald og overgrep mot vaksne som treng hjelp til å verna seg sjølv.

- Eg er her for å læra, og for oss er denne type møte viktige. Dette er ei viktig problemstilling. Eg registrerer at de jobbar tverrfagleg og byggjer arbeidet på god statistikk og eit godt kunnskapsgrunnlag. I dette viktige lågterskelarbeidet er det viktig at ein er open for å endra på modellen og at folk vert kjent med dette tilbodet, seier Mudassar Kapur.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at slike møte er viktige for å ha ein god dialog mellom lokalt og nasjonalt nivå.

- For oss er det viktig å informera nasjonale politikarar om korleis vi løyser oppgåvene lokalt, seier ordføraren.

Det var rettleiar på NAV, Trine Vik, og Liv Golten i PPT som presenterte TryggEst for stortingsrepresentanten.

Behov for tid og opplæring

Det er nødvendig å jobba tverrfagleg for å handtera vald og overgrep.  Øygarden kommune har ein modell for dette.

- Ei av hovudutfordringane er at det ikkje er nok kjent for innbyggjarar og kommunalt tilsette at TryggEst finst. Vi er ikkje dimensjonerte for å handtera ei mangedobling av saker som er venta dersom vi promoterer oss. Vi ønskjer å promotera oss slik at vi kan nå fleire som treng strøtte, men treng tilsetjingshøve som opnar for den arbeidsmengda som krevst, seier Trine Vik.

Trine Vik og Liv Golten seier at kommunen har kunnskapen og verktøyet, men treng at dei tilsette som skal jobba med det får avsett nok tid slik at det ikkje går ut over eksisterande arbeidsoppgåver. Det er ønskeleg med opplæring for kommunalt tilsette for handtering av vald og overgrep slik at heile organisasjonen kan handtere slike saker. Ei anna utfordring er at kommunen manglar gode tilbod til den som utøver vald og ønskjer hjelp til å endra åtferd.

Les meir om TryggEst her.

Her kan du lesa om konsultasjonsteamet for vald og overgrepssaker.


Vigleik Brekke