Dei fleste står med tårer i augo

Det var full aktivitet i lokala til Tremorkirken på torsdag. Eit førtitals personar arbeidde med å fylla opp matkassar som skulle delast ut til familiar i kommunen før helga.
- Vi er svært takknemlege for at vi har støttespelarar som gjer dette for familiane. Familiane er svært glade for gåvene, seier einingsleiar for barneverntenesta, Hege Gundersen.

Janne Mari Aase Nilsen og Camilla Steinmoen var saman med mange andre i full sving med å klargjera matkassane på torsdag. - Klikk for stort bileteJanne Mari Aase Nilsen og Camilla Steinmoen var saman med mange andre i full sving med å klargjera matkassane på torsdag.

Inklusive 15 matkassar frå samarbeidspartnar Imf Straume, klargjorde Tremorkirken 65 matkassar som barneverntenesta leverte glade mottakarar. 

I tillegg har stiftinga «Juleglede» levert store mengder med julegåver. Dei har vore i kontakt med familiar for å kartleggja behovet. Sigba Eiendom har gjeve 10 gåvekort på kvar fem tusen kroner som er delt ut til familiar og ungdomar som har ekstra behov for eit økonomisk bidrag til jul.

Mange familiar opplever det kostbart å feira jul. Då kan tiltak som dette vera det som skal til for at familiane får gode opplevingar i julehøgtida. Denne jula kunne forsamlingane levera frå seg rekordmange kassar.

- Det kan vera naboen min som har bruk for dette. Vi opplever dette som svært meiningsfullt. Planlegginga startar opp i august. Verdien av det som er i kassane reknar vi ligg rundt 400 tusen kroner, seier Camilla Steinmoen som saman med Janne Mari Aase Nilsen og Lene Skoge utgjer ein trio som har hovudansvaret for å organisera arbeidet. 

Marthe Larsen og Hilde Lønøy i barneverntenesta gjer klar for utdeling - Klikk for stort bileteMarthe Larsen og Hilde Lønøy i barneverntenesta gjer klar for utdeling.

På torsdag vart matkassane delte ut til familiane. Tremorkirken har fått anonymiserte grupperte lister frå barneverntesta. Matkassane vert tilpassa mottakarane. Barneverntenesta fordeler også  julegåvene etter behov. 

- Vi kjøper varene på forretningane her ute. Nor Engros og Kiwi på Møvika har sponsa oss med ein del varer, seier Janne Mari Aase Nilsen.

Nokre foreldre kjem og hentar matkassane. Resten vert køyrt ut av kontaktpersonane i barneverntenesta. 

Her ein del av dei som var i sving i lokala til Tremorkirken på torsdag. - Klikk for stort bileteHer ein del av dei som var i sving i lokala til Tremorkirken på torsdag.

Einingsleiar for barneverntenesta, Hege Gundersen, gler seg stort både over alle matkassane, gåvekorta og julegåvene som er samla inn. 

- Vi er evig takksame. Dei fleste står med står med tårer i augo når dei får overlevert matkassane og gåvene. Familiane er overraska at dei får høve til å koma med ønske om type julegåve i forkant. Det er også fint at ungdomar som gjerne har lite nettverk og svak økonomi, kan få gåvekort, seier ho.


Tekst og foto: Vigleik Brekke