- Dei må få koma seg ut av krigen

FN-dagen vart markert på fleire skular i dag. På Skogsvåg skule var det markering ved skulestart. Mathilde Skage og Sofie Lund er opptekne av at alle barn skal ha det godt og at dei skal sleppa å oppleva krig.
Sjå biletgalleri frå fleire skular nedst i artikkelen.

Mathilde Skage og Sofie Lund markerte FN-dagen saman med elevane og lærarane på Skogsvåg skule. - Klikk for stort bileteMathilde Skage og Sofie Lund markerte FN-dagen saman med elevane og lærarane på Skogsvåg skule.

I nydeleg haustvér var alle elevane samla utanfor skulen der det var flaggheising, allsong og tale. Markeringa vart avslutta med gåtur i skuleområdet med 10 postar der elevane klassevis skulle svara på spørsmål om FN.

- Det er fint at har ein slik dag. Det er trist at barn skal oppleva krig og fattigdom. Eg ønskjer at alle barn skal få ha vener og eit godt liv, seier Mathilde Skage (6. klasse).

Sofie Lund går i 1. klasse. Ho er oppteken av at barna skal ha nok mat og sleppa å oppleva krig.

- Eg håpar at barna får koma seg ut av krigen. Eg vil heller at vi sender mat til Afrika enn at vi kastar maten, seier Sofie Lund (1. kl.).

Alle elevane på Skogsvåg skule markerte FN-dagen. - Klikk for stort bileteAlle elevane på Skogsvåg skule markerte FN-dagen.

Trygt for alle

Det var avdelingsleiar Inge Vik som heldt tale for dagen. Før han talte, bad han elevane om å vera heilt stille og tenkja gjennom bodskapen på FN-dagen.

- Det er utruleg fint å sjå 240 elevar stå heilt stille. I dag er bursdagen til FN. Leiarar frå mange land ville at verda skulle bli ein betre stad å leva for menneska og at det skulle vera trygt for alle. I dag er det mykje uro, og det er krig i Gaza. Krig løyser ikkje noko problem, sa Vik.

Han understreka at det er ein menneskerett å få gå på skule. Vi ønskjer at alle skal få utdanning og ikkje vera svoltne.

- Takk for at de gjer verda til ein litt betre stad og gratulerer med dagen, sa talaren til elevane før elevane stemte i Vi sangen:

Vi er barn fra forskjellige land som har ingenting, men gjør så godt de kan. Og de drømmer om en verden der ingen våpen slipper til, at de har nok mat og leker hvor de vil. Vi har ingen tid å miste. Det må gjøres noe nå.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Spildepollen skule

Spildepollen skule har feira FN-dagen med morgonsamling, besøk frå Kolibri, FN-kafè og rebusløp.
5. årssteg hadde flott morgonsamling med FN som tema. Dei presenterte informasjon om FN sitt arbeid, om born sine rettar og framførte flotte songar. Etter friminuttet fekk vi besøk frå CARF Kolibri som fortalte om arbeidet dei gjer for born i Brasil. Vi fekk også sjå spanande Capoeira-framføring med utøvarar frå Brasil! 

Alle årssteg har hatt FN-kafè på sine læringsareal der inntekta går til Kolibri sitt arbeid for borna i favelaen i Brasil. Vi avslutta dagen med rebusløp i strålande vêr i turløypa rundt skulen. Elevar og besøkande svara på spørsmål om skulen vår, FN og Kolibri. (Linda Selheim, rektor)

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Brattholmen skule

Dagen har vore markert på Brattholmen skule. Emilie Olsen Torsvik og Martin Førde Jensen i kl. 1a fortel at FN reddar barn i heile verda og at FN vart starta etter 2. verdskrigen. Elevane har teikna om krig og fred og har hatt tema om rettigheiter som alle barn har.  (Ingvill Kvalsnes Blom, rektor)

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tjeldstø skule

Kvart år har 6. klasse ansvar for morgonsamling for heileskulen med tema FN. Dette året har 6.klasse samla seg i panel der ein  journalist besøker FN sine lokale og ønsker å vite meir om FN gjennom intervju. Det er ein fin måte å lære resten av skulen om FN, ein brokete FN-gjeng! (Linda Færestrand, rektor).

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Ulveset skule

På Ulveset skule har vi jobba med tema FN i heile oktober. Dei ulike klassane har tatt for seg forskjellige delar av temaet, og til saman har vi laga ei utstilling på biblioteket. Dette gjer vi kvart skuleår, og er ein del av skulen sitt arbeid med venskap og inkludering.

FN-dagen vert markert i alle klassane, og kvar klasse besøker utstillinga. Kristiane frå 3. trinn besøkte utstillinga i 1. time, og var veldig fornøgd. 
- Det var stilt ut mykje rart og fint frå klassane. Alle har jobba med FN, men laga forskjellige ting.  Vi har laga ein jordklode med mange gode vener rundt, seier ho.
Vidare fortel Kristiane at ho har lært at FN si oppgåve er å passa på at alle har det bra. Dei samlast for å snakka saman, slik at dei kan hjelpa fleire menneske. 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


 Landro skule

Bidrag frå 3. klasse.