- Det er godt å jobba saman

- Eg ønskjer å læra og få meir kunnskap om oppgåvene mine. Det seier syraren Salah Abdullkader som gler seg over jobben hjå Torsvik Elektro. 

Salah Abdullkader på oppdrag på Connector Subsea Distribution på Ågotnes. - Klikk for stort bileteSalah Abdullkader på oppdrag på Connector Subsea Distribution på Ågotnes.

Vi treffer Salah og kollega Tomasz Moczko som er på eit to dagar langt oppdrag på Connector Subsea Distribution på Ågotnes. Dei skal strekkja leidningar til ventilasjon og skifta trafo.

Salah (40) er overføringsflyktning og kom til Øygarden i september 2022. Han bur på Spjeld saman med kone og tre barn. Dei kjem opphavleg frå Syria, men har hatt eit lengre opphald i flyktningleir i Libanon før dei kom til Øygarden. 

Salah har ikkje formell kompetanse og jobbar alltid i team. Han er i ordinært arbeid hjå Torsvik Elektro med tilskot frå NAV. Dette sikrar tett oppfølging og opplæring i bedrifta.

- I Syria har eg arbeidd som taxisjåfør og med sying. Under opphaldet i Libanon hadde eg praksis med elektrikararbeid. Det er ganske forskjellig frå det eg har jobba med før, og difor treng eg opplæring.

- Kva jobbar du med hjå Torsvik Elektro?

- Det er litt forskjellig. Vi har gjerne oppdrag på butikkar, husvære eller senter, seier Salah.

Salah var i god gang med introduksjonsprogrammet då NAV tok kontakt med Torsvik Elektro. Elektrofirmaet var positiv til å ta inn Salah som hjelpearbeidar med vanleg løn og gje han arbeids- og språkpraksis. Han har arbeidd i firmaet sidan januar i år.

Viktig med norskopplæring

Målet for Salah er å få fagbrev. For å nå dette målet må han få god opplæring og verta betre i norsk. To dagar i månaden har han norskopplæring på Øygarden vaksenopplæring. Han er meir enn villig til å læra.

- Eg opplever å få god hjelp frå kollegaene. Dei forklarar meg oppgåvene på ein forståeleg måte. Vi samarbeider godt, seier han.

Kollega Tomasz Moczko rosar Salah for å vera lærevillig.

- Vi jobbar ein del saman, og han spør om hjelp. Han er ein flink og grei kar, seier Tomasz som snakkar norsk.

Salah seier at han vert godt inkludert i arbeidsfellesskapet i Torsvik Elektro. For å lukkast må han få ein god yrkesfagleg opplæring, og det får han i elektrofirmaet. 

Han ser for seg ei framtid i Øygarden.

- Målet er å jobba og bu her i Noreg resten av livet. Det er svært vakkert her i Øygarden, og nordmennene er eit fint folkeslag og hjelper meg når det er behov for det. I fritida tar vi barna med på aktivitetar som symjing, fotball og turgåing. Her er også leikeplassar vi kan nytta, seier Salah som trivst godt å husvære på Spjeld.

Godt team; Salah Abdullkader og kollega Tomasz Moczko.  - Klikk for stort bileteGodt team; Salah Abdullkader og kollega Tomasz Moczko.

Dagleg leiar i Torsvik Elektro, Peder Torsvik, har god erfaring med å nytta innvandrarar i arbeid.

- Det handlar om inkludering og at vi gjev dei moglegheit til å få seg arbeid. Ofte er det flinke karar som står på. Med bidrag frå NAV, har dette gått greitt for oss. Salah er høfleg, grei og pliktoppfyllande og har praksis med elektrikararbeid frå opphaldet i Libanon. Vi har god erfaring med å ta inn slike som han, seier Torsvik.

Programrådgjevar i NAV Øygarden, Vera Molnes, seier at målet med slik arbeidspraksis er å få bedrifter til å sjå kva ressursar mange av flyktningane innehar.

- Fleire av dei har mange års erfaring innan ulike felt. Mange lærer arbeidsoppgåvene raskt. Dei er vane med å jobba, men treng nokon som rettleiar dei i starten. NAV har fleire verktøy og hjelpemidlar som kan gjera det lettare for arbeidsgjevar å leggja til rette for å inkludera flyktningar i arbeidslivet, seier Molnes. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke