- Det er noko konstant med kyrkja

I desse dagar vert det jubilert for Fjell kyrkje som er 150 år. Onsdag kveld var det temakveld der kristenretten og landslova stod på dagsorden. Etter innleiing ved professor emeritus Egil Morland og førsteamanuensis i historie Torgeir Landro var det panelsamtale om korleis vi vert utfordra av kristenretten i dag.

Frå panelsamtalen - Klikk for stort bileteFrå panelsamtalen

Ved innleiinga gjorde Morland dei rundt 100 frammøtte merksame på at det var ordførar Tom Georg Indrevik som eigentleg sette kyrkjeleiinga i Øygarden på tanken om ha ein temakveld om kristenretten. 

I panelsamtalen viste ordføraren til at samfunnet er i endring, men at kyrkja representerer noko konstant.

-    Eg vil også minna om at styresmaktene djupast sett er oss alle og at det vi som eig debatten. Elles er det viktig at vi i samband med kristenretten hugsar på at alle menneske er skapt i Guds bilete, sa ordføraren.

Pastor i ImF Straume, Gunnar Ferstad, deltok også i panelsamtalen. Han meinte at kristenretten representerer ein struktur som held oss saman. 

-    Når det gjeld betydninga kristenretten har i dag, er det viktig å formidla grunnforteljingane i Bibelen. Det handlar om tilgjeving og at vi kan ha fred med kvarandre. Eg vil som pastor gjerne vera med og formidla ein bodskap om håp, sa Ferstad.

Pedagogisk leiar/rettleiar Anne Ludvigsen Kaldestad sa at grunnlaget om kva vi byggjer samfunnet vårt på, må formidlast vidare mot skule og barnehage.

-    Vi må laga oss arenaer der vi kan snakka om dette. Det er laga mykje godt undervisningsopplegg om kristenretten, sa ho.

Fjell kyrkje er oppgradert for opp mot 50 millionar kroner - Klikk for stort bileteFjell kyrkje er oppgradert for opp mot 50 millionar kroner.

Mange feiringar i 2024

Det handlar om fleire runde tal når det gjeld kyrkja dette året, og Fjell kyrkje spesielt. Det er 1000 år sidan Olav den heilage innførte kristenretten i Norge. Det er 750 år sidan Magnus Lagabøters landslov (gjerne kalla landslova) tredde i kraft i 1274. Og om ikkje dette er nok, er Fjell kyrkje 150 i år og rehabilitert for opp mot 50 millionar kroner. Kommunen har løyvd 44 millionar kroner til rehabiliteringa. Og dette vert feira med ei rekkje arrangement.

Egil Morland (til venstre) og Torgeir Landro - Klikk for stort bileteEgil Morland (til venstre) og Torgeir Landro

Det var Egil Morland og Torgeir Landro som i ein god times tid tok forsamlinga med seg tilbake i tid og sette kristenretten og landslova inn i eit historisk perspektiv. Resultat av dette er mellom anna avskaffing av barneutsetjing og tvangsekteskap og at kristningsprosessen resulterte i  lovverk bygd på menneskeverd, solidaritet og nestekjærleik.

Landro tok eit kort riss frå oldkyrkja fram til vikingtida. I vikingtida var det fire lagtingsområde i Noreg; Frostating, Gulating, Eidsivating og Borgarting. Desse fire landskapslovene vart avløyste av landslova i 1274.

-    Det er ein samanheng mellom det vikingane gjorde med å farta rundt om i Europa, samlinga av Noreg og kristninga av Noreg. Kristninga var nok meir prega av den seirande Kristus enn den lidande Kristus, sa Landro.

Egil Morland viste til at mange snakkar om kristenretten i 2024. Både Kong Harald og statsminister Jonas Gahr Støre har understreka kor viktig dette er for samfunnet. Morland sa at Magnus Lagabøters landslov er eit storverk i seg sjølv.

-    Han er gjerne framstilt som veik. Han førte ikkje krig, men han fekk samla alt i eí lov som gjaldt i fire hundre år. Noreg var intellektuelt sett eit framståande samfunn på denne tida (1200-talet), sa Morland.

I kyrkjelydssalen er det utstilling. - Klikk for stort bileteI kyrkjelydssalen er det utstilling.

Her er programmet for jubileumsveka.


Tekst og foto: Vigleik Brekke