- Det er smart å få fagleg påfyll

To av dei tilsette på Straume- bu og servicesenter har teke etterutdanninga Praktisk implementering i regi av Verdighetsenteret. Astrid Geitle og Jeanette Eikeland seier at dei har fått den kompetansen dei trong for å skapa gode endringsprosessar på arbeidsplassen sin.

Skjermdump av oppslag på nettsida til Verdighetsenteret - Klikk for stort bileteSkjermdump av oppslag på nettsida til Verdighetsenteret

Praktisk implementering er ei etterutdanning der målet er å heva kompetansen til tilsette i eldreomsorga som jobbar med implementering i helsetenesta.

Astrid og Jeanette fekk del i kompetansen då Straume bu- og servicesenter vart ein del av TØRN-prosjektet. 

- Ein sjukepleiar og eg vart sendt til Verdighetsenteret for å få nokre nyttige verktøy og kunnskap som kom godt med i endringsprosessane som låg framfor oss, seier Astrid Geitle.

Også Jeanette Eikeland seier at dette har stor verdi.

- Mange av oss trivst med nye utfordringar, og vi kan jobba meir på tvers. Samstundes er det alltid kjekt å læra noko nytt, smiler Jeanette.

Les meir på nettsida til Verdighetsenteret.