- Det er tragisk at liv er gått tapt
- Det er med stor sorg vi har fått melding om at eín person er omkomen. Det seier ordførar Tom Georg Indrevik etter at det natt til torsdag vart stadfesta at eín person omkom i helikopterulukka vest for Algrøyna onsdag kveld.
Ordførar Tom Georg IndrevikDen kommunale kriseleiinga var samla torsdag morgon. Ordføraren seier at kommunen har tett dialog med naudetatane og vil etter behov hjelpa til med oppfølging.
I samarbeid med politiet har Equinor etablert eit pårørandesenter på Scandic Hotel Kokstad.
Også andre enn nære pårørande kan oppleva denne hendinga som krevjande.
- Dei som har behov for å snakka med nokon etter ulukka, kan kontakta Sotra legevakt på telefon 116117, seier leiar på Sotra legevakt, Christin Mork.
Publisert 29.02.2024 08.57