- Det grøne skiftet skjer her, i dag

Nok ein gong kunne Øygarden skilta med ei historisk hending. Måndag kunne leiar i Bellona, Fredric Hauge, klippa snora for å markera at verdas første hydrogenproduksjonsanlegg med integrert CO2-lagring vart opna i Energiparken.

Her klipper Bellona-leiar Fredric Hauge snora for å markera at verdast første hydrogenfrabrikk med integrert CO"-lagring er offisielt opna. - Klikk for stort bileteHer klipper Bellona-leiar Fredric Hauge snora for å markera at verdas første hydrogenfrabrikk med integrert CO-lagring er offisielt opna.

Ordførar Tom Georg Indrevik var tydeleg på at opninga av dette pilotanlegget er ein viktig del av det grøne skiftet.

- Det grøne skiftet skjer her og no, akkurat i dag. Dette bidreg til å skapa grøne arbeidsplassar. Vi har plikt til å peika på løysingar, sa ordføraren.

Det er ZEG Power og CCB Energy Holding som installerer hydrogenanlegget. Når det kjem i drift, tek H2 Production over. H2 Production er eit dotterselskap av CCB Energy. Anlegget skal nytta naturgass frå Kollsnes til å produsera hydrogenet. I prosessen vert CO2 (karbondioksid) fjerna og overført til anlegget til Northern Light 500 meter unna før karbondioksidet blir ført i røyr til permanent lagring under botnen av Nordsjøen. Hydrogenanlegget har kosta noko over 200 millionar kroner.

- Kjekt å få vera ein pioner

Tina Rykkel Blom er tilsett som prosessoperatør i HS Production som skal driva anlegget. 

- Eg tykkjer det er veldig kjekt å få vera ein pioner og spennande å få vera med på dette og vera den første prosessoperatøren. I innkøyringsfasen fram mot våren 2024 skal eg samarbeida med medarbeidarar frå ZEG Power og SLB, seier ho. 

Administrerande direktør i CCB Energy Holding, Ronny Haufe, hadde invitert fleire sentrale aktørar til å halda innlegg på opningsmarkeringa i Rong kulturhus før sjølve snorklippinga ved anlegget i Energiparken. 

Tina Rykkel Blom er prosessoperatør. Med seg i testfasen har ho Monica Jacobsen (ZEG Power) og Glen Gislefoss (SLB). - Klikk for stort bileteTina Rykkel Blom er prosessoperatør. Med seg i innkøyringsfasen har ho Monica Jacobsen (ZEG Power) og Glen Gislefoss (SLB).

Korleis bli rik på det grøne skiftet?

Bellona-leiar Fredric Hauge sa at der batteri ikkje kan gjera nytten, treng vi hydrogen.

- Blått hydrogen er ein del av løysinga. Det skal flyttast tusenvis av milliardar kroner frå skiten til rein produksjon av energi. Det burde vore langt fleire linjer på universiteta med følgjande spørsmål: Korleis bli rik på det grøne skiftet. Dei tre aktørane har gjort noko her. Dette er ein stor dag. Eg gler meg, sa Hauge.

Hydrogenanlegget i Nenergiparken - Klikk for stort bileteHydrogenanlegget i Energiparken.

Fylkesordførar Jon Askeland sa at det er fantastisk å delta i det mest spennande industriområdet i Noreg.

- Eg vil skamrosa Ronny Haufe og hans folk. De har stilt på det vi i fylket har stelt til innan dette området. Andre ser til oss og vi finn ut ting undervegs. Fylkeskommunen skal vera med og bidra til at de lukkast, sa fylkesordføraren.

Administrerande direktør i Bergen Næringsråd, Monica Mæland, sa at Ronny Haufe er med i ekspertgruppa for energi i næringsrådet. Ho sa at her ute er det fantastiske lokale, men minna om at det er behov for betre overføringskapasitet for kraft.

Enova har støtta prosjektet med 77,5 millionar kroner.

- Dei siste pengane kjem når sluttrapporten er levert, sa Ståle Kvernrød i Enova.

Fylkesordførar Jon Askeland og ordførar Tom Georg Indrevik framfor anlegget i Energiparken. - Klikk for stort bileteFylkesordførar Jon Askeland og ordførar Tom Georg Indrevik framfor anlegget i Energiparken.

Verdsnyheit

Direktør i ZEG Power, Arild Selvig, var tydeleg på at dette er ei verdsnyheit. 

- Mange har støtta oss på ei 20 år lang reise. Det er stor interesse for dette i Europa, USA, Asia og Midtausten. Her har vi lett tilgang på naturgass og høve til å lagra CO2. Dette er ein småskala-start med opp til fem tonn produksjon pr dag. Målet er industriell produksjon på mellom 100 til tusen tonn pr. dag, sa Selvig.

Administrerande direktør i CCB Energy Holding, Ronny Haufe, sa at det har vore ei lang reise med mange utfordringar. 

- Men vi har sett Noreg og Øygarden på kartet. Mange aktørar har spelt på lag og mange risikovurderingar er gjort. Northern Lights her i Energiparken har opna moglegheita for mange, sa Haufe som retta ei stor takk til alle aktørane som har bidrege til at dette har blitt ein realitet. 

Her er fleire bilete:

Tina Rykkel Blom - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Fredric Hauge - Klikk for stort bilete
Ronny Haufe - Klikk for stort bilete
MUM fekk oppdraget med å pryda ein vernevegg. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Ståle Kvernrød - Klikk for stort bilete
Monica Mæland - Klikk for stort bilete
Jon Askeland - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Frå Rong kulturhus - Klikk for stort bilete
Frå Rong kulturhus - Klikk for stort bilete
Sunniva Louise Fjeldstad, Øygarden kulturskule. Pianist var Kjartan Fjordheim. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke