- Det handlar om framtida di

Leiar i av kommuneplanutvalet, Svein Otto Jacobsen, oppmodar folk om å møta opp på arbeids- og informasjonsmøta på Rong, Ågotnes og Skogsskiftet. Det første møtet er på Ågotnes 24. september.
- Vi håpar også at unge vil finna vegen til desse møta, seier Jacobsen.

Ordførar Tom Georg Indrevik og Svein Otto Jacobsen - Klikk for stort bileteBåde ordførar Tom Georg Indrevik (til venstre) og leiar i kommunplanutvalet, Svein Otto Jacobsen, håpar på god oppslutnad på innspelsmøta om arealplanen på dei tre kommunedelsentera.

I samband med arbeidet med arealdelen til kommuneplanen vert det arrangert tre møte på kommunedelsentera der folk kan formidla korleis dei meiner desse sentera skal utviklast.

Det er invitert til møte slik:

  • 24. september kl. 18.30: Ågotnes, Tranevågen ungdomsskule
  • 25. september kl. 18.30: Kulturhuset
  • 1. oktober kl. 18.30. Aktivitetssenteret


Svein Otto Jacobsen seier at på desse møta vert det gjeve informasjon om korleis det vert arbeidd med arealdelen til kommuneplanen og korleis den enkelte kan vera med og påverka det endelege resultatet. Planen vert venteleg vedteken om tre år.

- No er tida inne for å seia noko om korleis vi skal vi utvikla kommunen framover. Vi er spesielt interessert i at dei unge møter opp. Planen vil bety mykje for dei i framtida, seier utvalsleiaren.

Hentar inn kunnskap om kommunen

Lisbeth Selstø på plan og analyse seier at kommunen er godt i gang med å henta inn ny og oppdatert fagkunnskap om kommunen. Det gjeld til dømes kunnskap om kva som er verdifull natur i kommunen vår, kvar strandsona er særleg verdifull og godt tilgjengeleg for allmenta, og kvar vi har særleg viktige friluftsområde. 

- Men kunnskap handlar også om å få informasjon frå innbyggjarar, lag- og organisasjonar, næringslivet, hytteeigarar, barn og unge og alle andre som bryr seg om Øygarden, om kva dei meiner vi må ta vare på for framtida, seier ho.

Kommunen vil  gjerne ha innspel om kva innbyggarane er stolte over i kommunedelsenteret sitt eller i bygda si. Kvar går kvardagsturen, og kvar finn du ro? Kvar er det særleg vakkert, og kvar møter du venner og naboar? Kvar gjer du aktivitetar som å bada og fiska? Kvifor har du valt å busetja deg der du bur, og kva er viktig for deg med plassen du bur på? 

Dette er spørsmål som vert stilte på arbeids- og informasjonsmøta.

Les meir om arbeidet med arealdelen til kommuneplanen 2027-2039 her.


Tekst og foto: Vigleik Brekke