- Det kjem nokre tårer

Det var full aktivitet i lokala til Tremorkirken onsdag føremiddag. Ein tjuetals frivillige jobba iherdig med å gjera klar 62 store matkassar og julepakkesekker som skulle distribuerast til familiar i kommunen seinare på dagen.
- Dette er fantastisk. Familiane er svært takksame for at dei får matkassane og gåvene, seier avdelingsleiar i barneverntenesta Janne Kleppe Kalstad.

Utlevering matkassar. - Klikk for stort bileteOnsdag ettermiddag køyrde medarbeidarar i barneverntenesta ut matkassane til familiane.

Onsdag etter lunsj reiste medarbeidarar i barneverntenesta rundt til familiar i kommunen som har behov for noko ekstra i ei krevjande juletid. Kvar matpakke har ein verdi på om lag to tusen kroner. I tillegg kjem julepakkar til 167 personar. Totalt er verdien på det som vert fordelt til familiane på om lag to hundre tusen kroner.

- Vi kjenner familiane godt, og det kjem ein del tårer når vi leverer matkassane og gåvene til familiane. Etter kontakt med familiane har vi formidla til Tremorkirken kva barna ønskjer seg til jul, seier Kleppe Kalstad.

Mange bidreg

Ho opplyser at i tillegg til Tremorkirken har barnevernet fått økonomisk støtte frå Røde Kors, 10 gåvekort frå Sigma Eiendom og gåver frå det private initiativet «Juleglede - Øygarden kommune». Også ImF Straume har kjøpt inn julegåver til familiar.

Frå venstre; Lene Skoge (Tremorkirken), Camilla Steinmoen (Tremorkirken), Janne Kleppe Kalstad (barneverntenesta), Janne Nilsen (Tremorkirken) og Hege Gund - Klikk for stort bileteFrå venstre; Lene Skoge (Tremorkirken), Camilla Steinmoen (Tremorkirken), Janne Kleppe Kalstad (barneverntenesta), Janne Nilsen (Tremorkirken) og Hege Gundersen (einingsleiar for barneverntenesta).

Janne Nilsen er ein av dei om lag 20 frivillige i Tremorkirken som var i full aksjon med å gjera klar matkassane og julegåvesekkene på onsdag.

- I matkassane er det mat for julemiddag og julefrukost. Det er brus og matvarer som passar til julefeiringa. Dei frivillige i forsamlinga har sjølv kjøpt inn gåver eller fått gåveartiklar frå forretningar. Kiwi har sponsa ein del av matvarene, seier Nilsen.

Camilla Steinmoen seier at dei frivillige har vist eit stor engasjement. 

- Men vi hadde ikkje våga å gjera dette utan at samarbeidet med barnevernet, seier ho.

Tremorkirken har bidrege med matkassar frå 2011. Det første året vart det overlevert fem kassar. I år stod 62 matkassar klar for utkøyring onsdag ettermiddag. 

- Det er flott at barnevernet tipsar oss om aktuelle gåver, seier Lene Skoge.

Ordførar Tom Georg Indrevik takkar for at dette viktige bidraget.

- På vegner av dei som får desse matpakkane og gåvene, vil eg retta ei stor takk. Dette betyr ein forskjell og at fleire får ei koseleg julefeiring, seier ordføraren. 

Her er fleire bilete:

Gruppe - Klikk for stort bilete
Familiepakke - Klikk for stort bilete
Innhaldet i matpakken - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Matpakkar - Klikk for stort bilete
Peparkakeby - Klikk for stort bilete
Peparkakeby - Klikk for stort bilete
Peparkakeby - Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Vigleik  Brekke