- Det vart tungt på slutten

Leo Holm Hellesøy og Melissa Nyborg måtte vedgå at det vart tungt på slutten. Det er slett ikkje rart etter at dei nærast sprang for livet då dei deltok i Krafttak mot kreft på Kolltveit skule på onsdag. No er det samla inn meir enn 60 tusen kroner til prosjektet.

Det gjorde godt å ha ein god heiagjeng langs løypa - Klikk for stort bileteDet gjorde godt å ha ein god heiagjeng langs løypa.

Rektor Odd Erik Kjeldstad opplyser torsdag føremiddag at det har kome inn 60 tusen kroner til Kreftforeningen så langt. Målet var ti tusen kroner. 

- Dette er langt meir enn det vi hadde sett for oss i starten. I tillegg kjem det inn sponsormidlar frå Sartor Storsenter og Franzefoss, seier ein svært godt nøgd rektor. 

Ordførar Tom Georg Indrevik var også på plass på Kolltveit der han var elev. Både han og rektor sprang 10 rundar denne vakre sommardagen.

Elevane skulle springa så mange rundar rundt skuleområdet som dei orka i løpet av 24 minutt. Kvar elev hadde på førehand samla inn eit bestemt beløp pr. runde dei fullførte. 

Leo Holm Hellesøy og Melissa Nyborg er glad for at pengane kan føra til at fleire vert friske frå kreftsjukdomen. - Klikk for stort bileteLeo Holm Hellesøy og Melissa Nyborg er glade for at pengane kan føra til at fleire vert friske frå kreftsjukdomen.

Leo Holm Hellesøy klarte 16 rundar. Det vart eit betydeleg bidrag til innsamlingsaksjonen.

-    Det vart tungt på slutten, men eg hadde lyst å springa ein runde til, seier han.

Leo kjenner nokre som har kreftsjukdom og tykkjer det er flott å samla inn pengar på denne måten.

-    Det er bra, fordi pengane kan brukast til forsking og at fleire kan verta friske frå sjukdomen i framtida, seier han.

Også Melissa Nyborg kjende på at det vart tungt på slutten. Ho imponerte med sju rundar. Med innsamla 150 kroner pr. runde har også ho støtta aksjonen med eit solid beløp.

-    Ja, det vart tungt dei siste rundane, men eg fekk drikka vatn undervegs. Det er flott at vi kan gje pengar slik at fleire kan bli friske, seier Melissa som veit om ein person som døde av kreftsjukdom.

Ordførar Tom Georg Indrevik sleit seg gjennom 10 rundar i solsteiken. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik sleit seg gjennom 10 rundar i solsteiken.

Rektor Odd Erik Kjeldstad seier at ein tilsett på skulen vart ramma av kreftsjukdom i fjor.

- No er ho tilbake i jobb. Med denne aksjonen kan vi også heidra henne. I tillegg til at vi får samla inn til eit godt formål, er jo dette eit kjekt arrangement for elevane. I fjor vann Kolltveit 12-rette-konkurransen. Premiepengane gjekk til Kreftforeningen, seier rektoren.

Også regionleiar i Kreftforeningen Vestland, Geir Vangsnes, deltok på arrangementet. Han er takksam for at fleire skular gjennomfører slike aksjonar.

-    Uansett om du spring fort eller seint er det gøy å vera med, sa han til elevane.

Også Benjamin Torsvik og Hans Jarle Einarsen var på plass og kasta glans over arrangementet. Desse karane har i mange år verkeleg tatt seg ut for å samla inn pengar til kreftsaka. Dette året gjekk Benjamin Øygarden kommune på langs (74 kilometer).

Her er fleire bilete:

Frå arrangementet - Klikk for stort bilete

 Tekst og foto: Vigleik Brekke