- Dette er ei flott ordning!

Terje Eksund frå Straume var ein av dei som lånte frø på innbyggartorget og biblioteket på Straume i dag og rosa nyvinninga. Varaordførar Anita Garlid Johannessen klipte snora og erklærte bibliotekhagen og frøbiblioteket for offisielt opna.

Varaordførar Anita Garlid Johannessen stod for den offisielle opninga av bibliotekhagen og frøbiblioteket. - Klikk for stort bileteVaraordførar Anita Garlid Johannessen stod for den offisielle opninga av bibliotekhagen og frøbiblioteket.

Frå før disponerer innbyggartorget og biblioteket tredje og fjerde etasje på Sartor Storsenter. No er også andre etasje teken i bruk. I tillegg til mange skuffer med frø for utlån, er det stilt ut aktuelle bøker som skal gjera oss til gode forvaltarar av hagen. Tanken er at vi som lånarar av frø kan levera tilbake frø til biblioteket og med godt samvit behalda plantene vi får i hagen vår.

- Eg pleier å kjøpa frø på hagesenteret. I dag har eg teke med meg frø til Blomkarse og Allium som eg skal planta i drivhuset vårt, seier ein spent Terje Eksund. 

Varaordførar Anita Garlid Johannessen gav stor ros til innbyggartorget og biblioteket for det nye tilbodet med bibliotekhage og frøbibliotek. 

- Det er kjempepositivt og framoverlent. Det er ein fantastisk gjeng her som har skapt eit levande bibliotek eg er kjempestolt over. Gratulerer så mykje med dagen, sa varaordføraren. 

Leiar av service i Øygarden kommune, Kenneth Sangolt, var stolt og glad for at ein nå har har teke i bruk dette arealet. 
- Eg vil takka politikarane, Sartor Storsenter og Bibliotekutvikling Vestland for at vi har fått dette til. Vi legg viktige kommunale funksjonar til kjøpesentera, sa Sangolt.

Terje Eksiund har fått med seg nokre frø som skal plantast i drivhuset. - Klikk for stort bileteTerje Eksiund fekk med seg nokre frø som skal plantast i drivhuset.

- Dette er berekraftig

Prosjektleiar for dette tiltaket, Torill Martinson på innbyggartorget og biblioteket, sa at dette har vore ein lang prosess. 

- Dette nye arealet kan brukast til utstillingar og diverse arrangement. Sotrasambandet er her ein gong i månaden og informerer om prosjektet. Her kan du låna frø, dyrka planter og levera frø tilbake til oss. Dette er gratis, berekraftig, godt for miljøet og gjev økonomisk gevinst, sa Martinson.

Tone Tennfjord frå Hageselskapet på Sotra var også på plass og orienterte om eit aktivt hagelag. 
- Dette er sirkulær økonomi der vi startar med eitt frø og får hundre tilbake, sa Tennfjord og minna mellom anna om lokalt tiltak som omplanting den 28. mai og planteloppemarknad den 1. juni og konsert i Rhododendron-hagen på Kårtveit den 2. juni.

Kulturskulen stilte sterkt opp og framførte song og musikk ved lærar Pål Andreas Foldal Aam og elev Alde Davidsen.

Her er fleire bilete:

Frå opninga av hagebiblioteket og frøbiblioteket - Klikk for stort bilete

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Amini Farshid