- Dette er eit fantastisk tilbod

Nora Olava Leigland var ein av fem deltakarar på treningsgruppa «Bli me» i Sartorlunden på Straume onsdag ettermiddag i regi av Friskliv og meistring i Øygarden kommune.
- Dette tilbodet burde alle kommunar hatt, seier Nora.

Det var eit fantastisk flott ver for trening på onsdag denne veka. Neste veke er instruktørane på plass på onsdag klokka 14. - Klikk for stort bileteDet var eit flott ver for trening på onsdag denne veka. Neste veke er instruktørane på plass på onsdag klokka 14.

I 25 graders varme fekk deltakarane på den andre samlinga på denne nyvinninga ta seg godt ut. Fysioterapeut Janicke Engebretsen og erfaringskonsulent Tor-Espen Mork gjennomførte eit variert treningsopplegg i 45 minutt. 

-    Opp med handa dei av dykk som kjem igjen neste gong, og opp med handa om de tek med ein person på neste trening, ropte Tor-Espen Mork så treningsøkta var ferdig.

Alle hender gjekk i veret.

-    Eg kjem igjen og skal prøva å få med meg ein ekstra neste gong, svarar ein av deltakarane.

Det spesielle med «Bli me» er at det er gratis og at ikkje er ikkje nødvendig å melda seg på. Det handlar kort og godt om å møta opp og delta på gjennomtenkte og gode øvingar til beste for kropp og sjel.

For Nora Olava Leigland er dette eit perfekt tilbod.  - Klikk for stort bileteFor Nora Olava Leigland er dette eit perfekt tilbod.

Nora Olava Leigland studerer folkehelsearbeid på Høgskulen på Vestlandet og bur på Foldnes saman med sambuar og eitt barn. Fram til ho vart gravid for eit par år sidan var ho godt trent ved å gå på treningssenter, turar i fjellet og jogging.

- Eg måtte gjennom eit tøft svangerskap, og med nyfødt barn vart det slutt med trening. Den fysiske forma var elendig, også i tida etter svangerskapet. Då eg var i fødselspermisjon vart eg kjend med «Bli me» på Facebook. Dette er eit fantastisk tilbod, seier Nora.

Janicke Engebretsen har lenge drøymt om å få realisert dette lågterskeltilbodet. No er det på plass, og ho gler seg storleg.

-    Vi ønskjer å få fleire med fysisk aktivitet. Det er ofte ei utfordring å koma seg ut, og økonomi kan også vera ein faktor for å droppa trening. Dette er ei svært samansett gruppe. Ingenting vert journalført i samband med desse treningane. Det er berre å møta opp og få gratis trening. Eg er sikker på at dette vil gje stor samfunnsnytte etter kvart, seier fysioterapeuten.

Tor-Espen Mork seier at det berre er å møta opp på onsdagar klokka 14. 

-    Det er inga påmelding, og det er for alle aldrar og grad av fysisk form, seier han.

Send e-post til frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no om du vil vita meir om dette tilbodet.

Les meir om tilbodet og tidspunkt for trening her. 

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete



Tekst og foto: Vigleik Brekke