- Dette er eit vellukka lokalsenter

Trond Helge Nyegaard er tydeleg på at Spildepollen er eit viktig senter for lokalbefolkninga. Nyegaard var ein av dei 20 deltakarane på innspelsmøtet om arealdelen til kommuneplanen på Spildepollen skule torsdag kveld. På onsdag møtte 40 personar opp på tilsvarande møte på Stranda skule. 

Deltakarane på møtet vandra rundt og samla seg ved borda som hadde kvart sitt tema. Der vart dei utfordra til å notera ned merknader og innspel direkte på kartet. - Klikk for stort bileteDeltakarane på møtet var inndelt i grupper og vandra rundt og samla seg ved borda som hadde kvart sitt tema. Der vart dei utfordra til å notera ned merknader og innspel direkte på kartet.

I løpet av møte på sju lokalsenter sidan 22. mai, har det møtt opp totalt 200 personar. Leiar i kommuneplanutvalet, Svein Otto Jacobsen, vedgår at han hadde ønskte at fleire hadde møtt opp på samlingane, men samstundes gler han seg over godt engasjement, god stemning og godt opplegg.

- Uansett reknar eg med at dei som har delteke på møta tek dette med seg tilbake til nettverka sine. Administrasjonen har laga til eit godt system for å kunne gje innspel på nettet. Mitt inntrykk er at folk er godt nøgde med utbyttet av desse møta.

- Kva har folk vore opptekne av?

- Det har handla mykje om trafikksikring, natur og tilgang til sjø. Eg vil vel også seia at folk har vore meir opptekne av nærbutikken enn skulen, seier utvalsleiaren.

Spildepollen er vellukka

Trond Helge Nyegaard er til dagleg leiar i Sotra Fiskeindustri. Han bur ikkje i Øygarden, men er oppteken av lokalmiljøet. Mange tilsette på fiskeforedlingsbedrifta i Porsvika har slått seg ned her og etablert seg i lokalmiljøet.

- Eg var nysgjerrig på dette møtet og ville høyra om kva tema som skulle takast opp. Eg ønskte også å få helsa på folk. Dette anlegget her med skule, barnehage og sykkelpark er svært viktig og noko alle er glade i. Når mange av våre tilsette har slått seg ned her, må det bety at dette er ein god plass, seier Nyegaard.

Trond Helge Nyegaard - Klikk for stort bileteTrond Helge Nyegaard

Anne Lise Eidesund kjem frå Eidesund like over sundet for Spildepollen skule.

- Det står att å sjå om det vert eit positivt resultat av møtet i kveld. Eg er oppteken av at det vert lagt til rette for møteplassar og tilgang til sjø. Offentleg transport er også viktig. Kollektivtilbodet er elendig, meiner ho. 

I plenumssamtalen til slutt handla det mellom anna om samferdsle, vegutbygging og uro for kø som følgje av arbeidet med Sotrasambandet. 

No er det gjennomført innspelsmøte på dei stadene som i samfunnsdelen til kommuneplanen har status som lokalsenter. Dette er Tjeldstø, Toftøyna, Ulveset/Møvika, Knarrvika, Fjell, Stranda og Spildepollen. Administrasjonen skal gå gjennom og digitalisera alle innspela som er komne fram på møta og via innspelsportalen. Oppsummering av møta i lokalsentera vert lagt ut på nettsida til kommunen.

Det neste som står for døra er at det skal lagast ei strandsonekartlegging. Til hausten skal det arrangerast medverknadsaktivitetar på dei tre kommunedelsentera; Skogsskiftet, Ågotnes og Rong. 

Etter planen skal strategisk planprogram sluttbehandlast januar/februar 2026, medan den endelege arealdelen til kommuneplanen skal behandlast av kommunestyret våren 2027.

Les meir om arealdelen til kommuneplanen her. 

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå administrasjonen møtte mellom anna strategisk rådgjevar Elin Helland-Jooste (til venstre) og samfunnsplanleggjar Lisbeth Selstø. - Klikk for stort bilete



Tekst og foto: Vigleik Brekke