- Dette er eit viktig tilbod

I dag var det offisiell opning av utvida lokale til Trigger Jobb AS på Straume. Med denne tilveksten er lokala utvida frå om lag seks hundre til tolv hundre kvadratmeter.

Lasse Vegard Vik (til venstre) og Håkon Risholm heldt i snora då ordførar Tom Georg indrevik klipte av og erklærte opninga av nytt bygg for offisielt opna. På biletet er også dagleg leiar Hege Elvestad. - Klikk for stort bileteLasse Vegard Vik (til venstre) og Håkon Risholm (til høgre) heldt i snora då ordførar Tom Georg Indrevik klipte av og erklærte nytt bygg for offisielt opna. På biletet er også dagleg leiar Hege Elvestad.

Ordførar Tor Georg Indrevik stod for den offisielle opninga og snorklippinga. Han sa at Trigger er eit eksempel på eit godt samarbeid mellom Askøy og Øygarden kommunar. 

- Vedtaket om å kjøpa bygget og dermed satsa ytterlegare på Trigger var eitt av dei første store prosjekta til den nye kommunen. Gjennom dette markerer vi også kor viktig Trigger er og skal bli for å gje eit viktig tilbod til ei viktig gruppe i kommunane våre. Dette er ein arbeidsplass de kan vera stolt av, sa ordføraren.

Øygarden kommune sitt bidrag til at Trigger fekk dobla areala på Straume vart formelt gjennomført ved ein emisjon (aksjeutviding) der Øygarden kommune gjekk inn med 25 millionar kroner. Trigger omsette for om lag 81 millionar kroner i 2022. 61 prosent av inntektene kjem frå varer og tenester. Hovudkontoret ligg i Bakarvågen på Askøy. I dag har Trigger  om lag 180 personar i arbeid fordelt på Askøy og Straume. 

Takka Øygarden kommune

Dagleg leiar Hege Elvestad var i storslag og var begeistra over at Trigger på Straume har fått tidsmessige og utvida lokale.

- Eg takkar Øygarden for at de kjøpte bygget. Men endå viktigare er det at Askøy kommune og Øygarden kommune har stor engasjement for Trigger. Eg takkar for eit fantastisk samarbeid og ser fram til eit endå betre samarbeid og endå meir engasjement framover, sa Elvestad.

Arild Mikkelsen - Klikk for stort bileteArild Mikkelsen

Arild Mikkelsen fortalte om si eiga reise saman med Trigger. Det var ein stor overgang då Trigger fekk flytta til Straume Næringspark i 2009 og seinare slått saman med Askøy og vart ei stor bedrift.

- Her får vi meistringskjensle. Vi får vera med og bidra tilbake til samfunnet. Vi er utruleg stolte av alle som jobbar her og produkta våre. Vi har ein meiningsfull kvardag, og vi opplever auke verdikjensle. Her får vi vener, også utanom arbeidstida. Det er bra for samfunnet å investera i fleire slike bedrifter som dette, sa Mikkelsen.

Utvida lokale betyr svært mykje for avdelinga på Straume - Klikk for stort bileteUtvida lokale gjev langt betre arbeidsforhold og betyr svært mykje for avdelinga på Straume.

Dobling av arealet gjev høve til ekspansjon

Avdelingsleiar Linda Teigland seier at med utvida areal er det mogleg å utvida produksjonen. 

- Vi får større kjølerom, fleire maskinar, og det kan føra til fleire arbeidsplassar, seier Teigland.

Pr. dato arbeider eit personale på åtte personar med 35 personar som har varig tilrettelagt arbeid (VTA) på avdelinga på Straume. I tillegg er det fire jobbrettleiarar som har ansvaret for om lag 10 personar i avdeling for arbeidstrening. På Trigger Jobb er det mogleg å ta fagbrev eller kompetanseprøve/lærekandidat som er tilpassa den enkelte lærekandidat. 

På Straume har Trigger Jobb ei stor snikkaravdeling (trelast), monteringsavdeling og jobbfrukt. Andre produkt frå Trigger er vaskeritenester, delmontering og bilverkstad. Trigger Jobb AS (Trigger) er eit aksjeselskap eigd av kommunane Askøy og Øygarden i tillegg til Askøy lag av Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU). 

Trigger skal gjennom arbeid gje menneske ei oppleving av meistring og verdigheit. Trigger skal vera startskotet for utvikling og vekst hjå den enkelte. Odd Magne Utkilen (Askøy) er styreleiar. Frå Øygarden kommune sit Elizabeth Toft Erichsen og Geir Elling Nygård i styret.

Her er fleire bilete:

Hege Elvestad - Klikk for stort bilete
Ole Martin Fenne og Linda Teigland - Klikk for stort bilete
Lokalet - Klikk for stort bilete
Frå opninga - Klikk for stort bilete
Produkt - Klikk for stort bilete
Produkt - Klikk for stort bilete
Lokalet - Klikk for stort bilete
Lokalet - Klikk for stort bilete
Frå opninga - Klikk for stort bilete
Kake - Klikk for stort bilete
Frå opninga - Klikk for stort bilete
Det var nydeleg kortreist mat på opninga av nybygget. - Klikk for stort bilete
Linda Teigland - Klikk for stort bilete
Frå opninga - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke