- Dette er svært viktig for meg

Med tonane frå Non Stop Trio var stemninga på plass på Aktivitetssenteret i Skogsskiftet då Sund seniortreff var samla på fredag.
- Eg har vore med på dette frå første dag, seier Anna Jorunn Bjorøy som gjer det klart at dette er eit tilbod som ikkje må forsvinna.

Glade damer på Sund seniortreff.  - Eg likar å høyra forteljingar, seier Anna Jorunn Bjorøy (til venstre). - Klikk for stort bileteGlade damer på Sund seniortreff. - Eg likar å høyra forteljingar, seier Anna Jorunn Bjorøy (til venstre).

Mellom 40 og 50 personar finn vegen til seniortreffet kvar fredag klokka 11. Det heile starta opp i 2016 etter initiativ frå Laila Klemetsaune. Merete Helen Folkestad bestyrte seniortreffa frå starten. Seinare har Ann Margreth Trellevik hatt ei deltidsstilling og organisert dette tiltaket for seniorar.

Etter tre forsøk lukkast det for ordførar Tom Georg Indrevik å vera med på eit typisk seniortreff. Denne gongen var det stinn brakke med 57 deltakarar. Non Stop Trio stod for musikken, og mange svinga seg i dansen til gamle slagerar. Då vi var innom i juni var det Arvid Torsvik og musikkollegaer som stod for musikken.

- Eg har fått med meg at det var stort fokus på seniortreffet under budsjettdrøftingane i fjor. Dette tiltaket vil få same støtte som andre lag og organisasjonar. Det viktigaste er at de tek ansvar sjølv for å få ein meiningsfull kvardag. Vi vert fleire og fleire seniorar, og einsemd er ei stor utfordring for oss. De er ein generasjon som bryr seg om andre, sa ordføraren.

Ein av dei trufaste brukarane av seniortreffet er Anna Jorunn Bjorøy. Ho har vore einsleg sidan 2012 då ektefellen Odd Bjorøy døde.

- Det er veldig kjekt å vera med på dette. Eg saknar dette tilbodet om sommaren, men dei må jo få ha litt ferie. Her treffer eg folk, og vi et i lag. Det er faktisk ganske spennande kva vi får til middag, seier Anna Jorunn som er medlem i det nyvalde styret i Sund seniortreff.

Ordføraren likte seg på seniortreffet. Til venstre styremedlem Martha Fjell Sangolt og til høgre styreleiar Ann Margreth Trellevik. - Klikk for stort bileteOrdføraren likte seg på seniortreffet. Til venstre styremedlem Martha Fjell Sangolt og til høgre styreleiar Ann Margreth Trellevik.

Ut av einsemd

Det er Sundheimen som leverer middag på seniortreffa. Fram til nyttår gjev kommunen støtte til ei 20 prosent stilling for å driva dette tiltaket. No må det drivast på ein annan måte. Styremedlem Martha Fjell Sangolt orienterte om styresamansetjing og vedtekter.

- Formålet vårt er å skapa eit best mogleg kvardag for seniorar. Vi er særleg opptekne av å koma ut av einsemd. Vi samarbeider med andre offentlege og private organisasjonar, men vi er frittståande, understreka Fjell Sangolt.

Frå dansegolvet - Klikk for stort bileteMange svinga seg i dansen.

Ann Margreth Trellevik er vald til leiar av styret og har vore ei viktig drivkraft i gjennomføringa av seniortreffa fredag etter fredag dei siste åra.

- Eg hjelpte Merete Helen Folkestad tidvis nokre år. Seinare vart det eit fast ansvar, seier ho.

- Kvifor har du engasjert deg så sterkt i dette?

- Du ser vel kor kjekt vi har det. Her har vi bingo, quiz, fleip eller fakta, utloddingar og ofte musikk. Det sosiale er viktig, og difor arrangerer vi også mange bussturar. I år skal vi til Stavern. Eg er svært spent på den framtidige økonomien for tiltaket. Mange er redde for at det skal verta slutt på dette tilbodet, seier Ann Margreth Trellevik.

Laila Klemetsaune hadde også ordet denne dagen. Ho er villig til å ta på seg skulda for starten.

- Vi søkte om folkehelsemidlar og fekk det i gang. Det er flott at de no har laga til vedtekter for den vidare drifta av tiltaket, sa Klemetsaune som også nytta høvet til reklamera for Kulturminnedagane som startar 2. september med ei rekkje lokale arrangement.

Her er fleire bilete:

Arvid Torsvik og medmusikantane hans - Klikk for stort bilete
Dans - Klikk for stort bilete
Menn ved bordet - Klikk for stort bilete
Dans - Klikk for stort bilete
Forsamlinga - Klikk for stort bilete
Opptrinn - Klikk for stort bilete
Dans - Klikk for stort bilete
Roger Anglevik - Klikk for stort bilete
Kjell-Atle Andresen - Klikk for stort bilete
Laila Klemetsaune - Klikk for stort bilete
Non Stop Trio med Kjell-Atle Andresen, Eli S. Andresen og Roger Anglevik. - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Martha Fjell Sangolt - Klikk for stort bilete
Martha Sangolt framfor forsamlinga - Klikk for stort bilete
Frå kjøkenet - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke