- Dette gjev meg mykje erfaring

Tysdag 3. oktober var første arbeidsdag for Stian Anglevik på Straume bu- og servicesenter. Han er helsefagarbeidar og er den første i vikarpoolen i Øygarden kommune som har fått tildelt arbeidsplass. I første omgang skal han vera på senteret i to veker.

Stian på veg inn på rommet til ein av bebuarane. - Klikk for stort bileteStian på veg inn til ein bebuar på Straume bu- og servicesenter.

Stian er ein av dei tilsette i vikarpoolen. Leiar Jeanett Marthinussen seier at 1. november er den andre tilsette i vikarpoolen klar for innsats i Oppvekst.

- Målet er å frigjera tid hjå dei ulike einingane. Vi arbeider med å få fem personar i staben i vikarpoolen, tre i kommunalsjefområdet for Helse og velferd og to i Oppvekst. Vi ønskjer å finna rett person på rett plass, seier Marthinussen.

Stian Anglevik har gått helse og oppvekst på det første året på vidaregåande skule og helsefagarbeidarfaget det andre året. Etter to år som læring i Øygarden kommune i heimetenesta, Blombakkane, Vågaleitet og Øygarden lokalmedisinske senter har han fått fast jobb i hundre prosent i vikarpoolen.

- Lærlingtida gav varierte oppgåver. Eg likar særleg å arbeida med utviklingshemma, og eg ønskjer etter kvart å utdanna meg til vernepleiar. Eg trivst godt med miljøarbeid og leggja til rette kvardagen for dei som treng ekstra hjelp, seier Stian.

Stian Anglevik og Jeanett Marthinussen i samtale. - Klikk for stort bileteNæraste overordna til Stian er Jeanett Marthinussen.

Variert arbeidskvardag

No er han klar for å vera ein del av vikarpoolen. Han er fullstendig klar over at det vert skifte av arbeidsplassar. Det har han erfaring med frå lærlingtida.

- Eg trur det vert spennande. Det vil gje meg mykje erfaring. Då har eg eit godt grunnlag for å finna ut kva som passar for meg. Eg opplever kollegaene her på Straume bu- og servicesenter som svært imøtekomande og at dei samarbeider godt seg imellom. Dei første to dagane har eg vore med på opplæringsvakt, men eg vil få meir sjølvstendig arbeid etter kvart, seier Stian Anglevik.

Helen Ågotnes er einingsleiar på Straume bu- og servicesenter. Ho er svært glad for at ho får nytta ordninga med vikarpool.

- Dette er svært positivt. Vi har fått melding om eit lengre fråvær. I den situasjonen er det svært praktisk for oss å nytta oss av ordninga med vikarpool, seier Ågotnes.

Einingsleiar på Straume bu- og servicesenter, Helen Ågotnes.  - Klikk for stort bileteEiningsleiar på Straume bu- og servicesenter, Helen Ågotnes.

Dersom du er interessert i meir informasjon og kan tenkja deg å vera ein del av staben, ta gjerne kontakt med Jeanett Marthinussen på e-post: Jeanett.Marthinussen@oygarden.kommune.no

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke