- Dette var ein svært lærerik og interessant dag

- Den heilskaplege tenkinga i Øygarden kommune er svært god. Det seier statsforvaltar Liv Signe Navarsete etter eit heildagsmøte med kommuneleiinga på onsdag.

Deltakarar på møtet mellom Statsforvaltaren og Øygarden kommune. frå venstre kommunalsjef for Finans og økonomi Anne Erdal, kommunalsjef for Oppvekst Marius Sylta, leiar av kommuneplanutvalet Svein Otto Jacobsen (Frp), strategisk rådgjevar Elin Helland-Jooste, leiar i tenesteutvalet Ernst Einarsen (H), seniorrådgjevar Statsforvaltaren Kåre Træen, statsforvaltar Liv Signe Navarsete, seksjonsleiar Lars-Marius Ulfrstad, ordførar Tom Georg Indrevik (H), direktør miljø Statsforvaltaren Kjell Kvingedal, varaordførar Anita Garlid Johannessen (Frp), fungerande direktør helse. sosial barnevern Statsforvaltaren Øystein Breirem Jacobsen, leiar i plan- og miljøutvalet Børge Haugetun (Sotralista-TVØ), direktør utdanning og verjemål Anne hjermann, kommunalsjef for Helse og velferd Line Barmen, kommunalsjef for Kultur og samfunn Silje Haukedal og kommunedirektør Johnny Breivik. - Klikk for stort bileteDeltakarar på møtet mellom Statsforvaltaren og Øygarden kommune. Frå venstre kommunalsjef for Finans og økonomi Anne Erdal, kommunalsjef for Oppvekst Marius Sylta, leiar av kommuneplanutvalet Svein Otto Jacobsen (Frp), strategisk rådgjevar Elin Helland-Jooste, leiar i tenesteutvalet Ernst Einarsen (H), seniorrådgjevar Statsforvaltaren Kåre Træen, statsforvaltar Liv Signe Navarsete, seksjonsleiar Lars-Marius Ulfrstad, ordførar Tom Georg Indrevik (H), direktør miljø Statsforvaltaren Kjell Kvingedal, varaordførar Anita Garlid Johannessen (Frp), fungerande direktør helse, sosial barnevern Statsforvaltaren Øystein Breirem Jacobsen, leiar i plan- og miljøutvalet Børge Haugetun (Sotralista-TVØ), direktør utdanning og verjemål Anne Hjermann, kommunalsjef for Helse og velferd Line Barmen, kommunalsjef for Kultur og samfunn Silje Haukedal og kommunedirektør Johnny Breivik.

Målet for Statsforvaltaren er å besøka alle kommunane i Vestland i løpet av denne fireårsperioden. Dette besøket er det fjerde kommunebesøket så langt i år. Møtet handla om kommunebiletet for Øygarden. Litt forenkla er kommunebiletet eit samandrag av status for 14 fokusområde som Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgja opp. 

Vi bad henne å oppsummera møtet etter fem timar som handla om tenesteyting og myndigheitsutøving, styring og forvaltning i kommunen og samfunnsutvikling og demokratisk arena.  Ho opplevde dette som ein svært lærerik og interessant dag. 

- Øygarden kommune har laga ein glitrande samfunnsdel til kommuneplanen som er viktig å følgja opp i arbeidet med arealdelen. De har ei svært god evne til å tenkja heilskapleg. Her er flinke folk i administrasjonen og framoverlente politikarar. For vår del ønskjer vi å vera medspelar for kommunen og ikkje motspelar, seier statsforvaltaren og minna om at alle bur i ein kommune.

- Kva utfordringar ser du for Øygarden?

- Det er nok ei utfordring å leggja til rette for tilflytting og eit næringsliv som vil mykje. På same måte som andre kommunar må Øygarden kommune flytta ressursar og planleggja for fleire eldre, seier ho.

Det Liv Signe Navarsete generelt er mest uroa for er utviklinga innan skulemiljøsaker. Navarsete sa at vald i skulen er eit prioritert arbeidsområde saman med mellom anna tema som klima og miljø.

Statsforvaltar Liv Signe Navarsete leia møtet. Til venstre; ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteStatsforvaltar Liv Signe Navarsete leia møtet. Til venstre; ordførar Tom Georg Indrevik.

Priviligerte

Ordførar Tom Georg Indrevik sa i oppsummeringa at det er viktig å ha slike overordna møte med Statsforvaltaren. 

- Det handlar om korleis vi saman kan byggja tenester for alle grupper og ikkje berre vera opptekne av tema som areal. Vi er privilegerte og er ein kommune i vekst og utvikling. Vi kan få ting til saman, sa ordføraren.

I møtet med Statsforvaltaren presenterte kommunen korte innleiingar i ulike område før drøfting.

Formålet med desse møta er at Statsforvaltaren i Vestland vil ha ein kunnskapsbasert dialog med kommunane i fylket. Kommunale plan- og styringsdokument, kommunestatistikk, kommunebileta og møtet med kommunane legg grunnlaget for dialogen. Kommunebileta vert utarbeidde i samband med kommunebesøka, og dannar grunnlaget for dialogen i desse møta. Etter dialogen med kommunen, kan bileta verta justerte i etterkant av besøket. Etter besøka vert biletet publisert på nettstaden til Statsforvaltaren.

I kommunebiletet vert det gjeve karakter (god, middels og svak) for 14 område. Desse områda er barnehage, barnevern, bustadsosialt arbeid, folkehelse, grunnskule, integrering, kommunal planlegging, kommuneøkonomi, kommunehelseteneste, landbruk, miljø og klima, omsorgsteneste, samfunnstryggleik og beredskap og sosialteneste.


Tekst og foto: Vigleik Brekke