Ill. Digihelsestasjon HelsenorgeGjennom Digihelsestasjon kan du:
- Ha sikker digital dialog
- Senda spørsmål og få svar frå helsepersonell
- Be om og avbestilla timar
- Få oversikt over avtalar, varsel og informasjon.
- Få oversikt over vaksinane dine.
Helsenorge.no
Du nyttar Digihelsestasjon ved å logga deg inn på helsenorge.no anten via nettsida eller appen, som du lastar ned via App Store eller Google Play. På Helsenorge får du tilgang til fleire selvbetjeningsløysingar, og du kan sjå helseinformasjon som er registrert om deg og barnet ditt.
Du kan mellom anna byta fastlege, sjå og redigera kjernejournalen din, få oversikt over reseptar og vaksiner du har teke. Du kan trygt kommunisera med dine helsekontakter, til dømes fastlege, sjukehus, og no helsestasjonen, skulehelsetenesta og jordmortenesta.
Les meir om helsenorge.no her
Korleis ta i bruk Digihelsestasjon
For å nytta tenesta Digihelsestasjon må du ta i bruk helsenorge.no. Du må altså logge deg inn på helsenorge.no, om du ikkje har gjort dette tidlegare.
Fyrste gang du loggar deg inn på helsenorge.no blir du bede om å akseptera bruksvilkåra og gje samtykke til å kommunisera med dine helsekontaktar.
Les meir om samtykke og personvern her
Elektronisk ID
Du må ha BankID, Buypass ID eller Commfides e-ID for å logga deg inn.
Les meir om elektronisk ID her
Bruk av helsenorge - tenestar på vegne av barn
For å nytta Helsenorge på vegne av barn loggar du fyrst inn som deg sjølv. Så vel du kven du vil sjå opplysningane for eller utføra tenester på vegne av. Du kan nytta Helsenorge på vegne av barn opp til 16 år. Du kan sjå alle timeavtalar, med mindre avtalen er unnateken foreldreinnsyn.
For unge over 16 år har ikkje foreldre lengre tilgang til tenester på vegne av barnet. Dei som har BankID eller tilsvarande kan sjølv logge inn å nytta tenestene.
På helsenorge.no kan du representera barn du har foreldreansvar for, og sjå deira helseopplysningar, med nokon begrensningar:
- Viss ein eller fleire av foreldra er folkeregistrert på same adresse som barnet, vil begge foreldra kunna representere barnet.
- Viss ingen av foreldra er folkeregistrert på same adresse som barnet, vil ingen av dei kunna representera barnet.
Les meir om bruk av helsestasjonstenester på vegne av barn her
Sikker innlogging
Tilsvarande løysingar på helsenorge.no brukast allereie av fastlegar, spesialisthelsetenesta og kommunale helsetenester som pleie- og omsorg.
Sidan løysninga krev sikker innlogging, kan meldingane trygt innehalde sensitive opplysningar. Alle meldingane lagrast i den elektroniske pasientjournalen, som gjer at både brukaren og kommunen har god dokumentasjon.
Les meir om Digihelsestasjon på ks.no
Sjå video frå KS om Digihelsestasjon