Digital kommunikasjon med helsestasjon og skulehelsetenesta Digihelsestasjon
Tenesta Digihelsestasjon vil bli tilgjengeleg i Øygarden kommune 1.kvartal i 2024. Digihelsestasjon er ei meldings- og kommunikasjonsteneste mellom innbyggarar og helsestasjon, skulehelsetenesta og jordmortenesta via helsenorge.no.
Digihelsestasjon bidreg til ei meir tilgjengeleg teneste kor det no blir fleire måtar å ta kontakt på.
Gjennom Digihelsestasjon kan du:
- Ha sikker digital dialog
- Senda spørsmål og få svar frå helsepersonell
- Be om og avbestilla timar
- Få oversikt over avtaler, varsel og informasjon.
- Få oversikt over dine vaksiner
Korleis registrera seg på helsenorge.no?
For å lukkast med innføringa og bruken av Digihelsestasjon, er det avgjerande at våre innbyggarar tek løysninga i bruk når den no blir tilgjengeleg. For å kunna bruka kalender- og meldingsfunksjonen må du vera digitalt aktiv på helsenorge.no. Det vil seia at du må logga inn på helsenorge.no, akseptera bruksvilkåra og samtykka til å kommunisera med helsekontaktane dine via Helsenorge.
Vi oppfordrar alle som ikkje har registrert seg på helsenorge.no om å gjera dette.
Slik loggar du inn på helsenorge.no
Meir informasjon om tenesta Digihelsestasjon, finn du på
Helsestasjonstjenester på Helsenorge - Helsenorge
Publisert 23.11.2023 14.54