Drøymer om å jobba i barnehage

Tetiana Tarasenko var ein av dei rundt 100 flyktningane som fann vegen til jobbmessa i lokala til Øygarden vaksenopplæring på tysdag.
- Eg må læra meir norsk, seier Tetiana frå Ukraina.

Tetiana Tarasenko (til høgre) håpar å få seg jobb i barnehage. - Klikk for stort bileteTetiana Tarasenko (til høgre) håpar å få seg jobb i barnehage.

Det vart etter kvart travelt for dei åtte bedriftene som møtte opp for å presentera seg for flyktningane. Kompetanse- og bemanningssenteret i Øygarden kommune hadde speed date. Dei fleste flyktningane kom frå Ukraina, men også mange andre nasjonar var representerte på arrangementet.

Tetiana Tarasenko, som kom til Noreg for to år sidan, har bakgrunn som psykolog knytt opp mot barnehage.

- Her i Øygarden har eg nokre strøjobbar som reinhaldar på skular og barnehagar. I tillegg går eg på norskkurs på Øygarden vaksenopplæring. Eg drøymer om å få jobba som pedagog eller assistent i ein barnehage, men eg må vera innstilt på at eg ikkje får ein slik jobb i første omgang, seier Tetiana. 

Varaordførar Anita Garlid Johannessen stod for den offisielle opninga av jobbmessa - Klikk for stort bileteVaraordførar Anita Garlid Johannessen stod for den offisielle opninga av jobbmessa.

Det var varaordførar Anita Garlid Johannessen som opna jobbmessa.

- Det er viktig for dykk å koma ut blant folk og presentera dykk for bedriftene, sa varaordføraren og takka alle bedriftene som møtte opp.

Ein av verksemdene som var her for første gong, var Sotra Heimeservice. Ole Asbjørn Fauske var på jakt etter nokon som kan hjelpa til med diverse arbeid i hus og hage.

- Eg treng ekstra folk no særleg i sommarsesongen. Det handlar om å grava grøfter, fiksa innkøyrselen, laga plen, klippa plen og hekk. Arbeidsoppdraga mine er knytt til det folk har behov for rundt husa sine, seier Fauske som kom i prat med mange aktuelle kandidatar.

Mange stilte i kø for å vera med på speed date med kompetanse- og bemanningssenteret til Øygarden kommune. Frå senteret stilte John Bjørklund og Jeanett Marthinussen. - Klikk for stort bileteMange stilte i kø for å vera med på speed date med kompetanse- og bemanningssenteret til Øygarden kommune. Frå senteret stilte John Bjørklund og Jeanett Marthinussen.

Time2Staff er eit internasjonal jobbformidlingsbyrå. Hadis Heydarian seier at konseptet er heildigitalt med 30 tusen brukarar frå ei rekkje land. 

- Vi hjelper folk til å koma seg i jobb. I vårt konsept vil kan den tilsette etter første dag få «karakter» frå arbeidsgjevaren på profilen sin. Dette kan vera interessant for andre arbeidsgjevarar med tanke på seinare oppdrag. I dei jobbane vi tilbyr, er det ikkje krav om at ein må snakka veldig godt norsk, seier Hadis.

Koordinator for jobbmessa, Kirsten Syljeset, er godt nøgd med at rundt 100 personar fann vegen til jobbmessa dette året og at åtte utstillarar stilte opp.

- Det er fint om utstillarane gjev oss tilbakemelding korleis dei opplevde jobbmessa og i kva grad dei har høve til å  ta inn folk i arbeid eller engasjement. Vi satsar på ny jobbmesse i september, seier Syljeset.

Her er fleire bilete:

Frå jobbmessa - Klikk for stort bilete
Frå jobbmessa - Klikk for stort bilete
Frå jobbmessa - Klikk for stort bilete
Frå jobbmessa - Klikk for stort bilete
Frå jobbmessa - Klikk for stort bilete
Frå jobbmessa - Klikk for stort bilete
Frå jobbmessa - Klikk for stort bilete
Frå jobbmessa - Klikk for stort bilete
Frå jobbmessa - Klikk for stort bilete
Frå jobbmessa - Klikk for stort bilete
Frå jobbmessa - Klikk for stort bilete
Frå jobbmessa - Klikk for stort bilete
Frå jobbmessa - Klikk for stort bilete
Frå jobbmessa - Klikk for stort bilete
Frå jobbmessa - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke