- Eg er stolt av landet mitt

På onsdag stod det fram flotte og entusiastiske ambassadørar frå 24 nasjonar i lokala til Øygarden vaksenopplæring. Samuel Brahane frå Eritrea var ein av dei som på kulturdagen presenterte landet der han er fødd og oppvaksen. 

Samuel Brahane er glad for at han får dela kunnskap om Eritrea.

På kulturdagen i regi av vaksenopplæringa var det fullt av liv. Etter to dagar med gruppearbeid kunne deltakarane nytta 12 klasserom til å presentera landet sitt. Alle deltakarane fekk høve til å gå rundt å å få kunnskap om dei andre landa og kulturane. Med dans, mat og prat var stemninga på topp frå start til mål.

Her vert det gjeve opplæring i detaljar i thailansk dans. - Klikk for stort bileteHer vert det gjeve innføring i detaljar i thailansk dans.

Samuel Brahane kom frå Eritrea til Noreg for to år sidan. No tek han grunnskuleutdanning på vaksenopplæringa.

- Eg måtte forlata Eritrea av politiske grunnar, men eg er kjempestolt av landet mitt og folkegruppa vår. Vi har to store religiøse grupper i Eritrea, den muslimske og den kristne, men vi lever godt saman utan konflikt. Sjølv er eg kristen og er aktiv i ei ortodoks kyrkje i Bergen, seier Samuel som bur saman med kjærast og to barn sentralt i kommunen.

Samuel fortel at jordbruk er ei viktig næring i Eritrea. Mange dyrkar korntypen Taf (teffmjøl) som mellom anna vert brukt for å laga eit svært populært brød, Hmbasha, som gjerne vert brukt ved festlege høve.

- Her i Øygarden er eg glad for å få jobba som ringevikar på Fjell sjukeheim. Vi nyttar oss også av open barnehage (KFUK KFUM). Elles er eg med i mange aktivitetar i kommunen, seier Samuel Brahane. 

Mange frå Ukraina deltok på kulturdagen. - Klikk for stort bileteMange frå Ukraina deltok på kulturdagen.

Kan verta ein tradisjon

Einingsleiar for vaksenopplæringa, Nina Håvik Pettersen, og avdelingsleiarane Ragnhild Hareide Breivik og Renate Landro Lie har vore sentrale i planlegginga og gjennomføringa av kulturdagen. 

Det er deltakarar i norskopplæringa og dei som har grunnskuleoppæring som har delteke med presentasjonar på mønstringsdagen.

- Det har vore eit stort engasjement. Det har vore eit godt samarbeid, og deltakarane har lært å plukka ut det som er viktig. Dette kan gjerne verta ein tradisjon, seier Ragnhild Hareide Breivik og Renate Landro Lie.

Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, besøkte kulturdagen. Han er imponert over kreativiteten som deltakarane viste.

- Dette er viktig for integreringa og eit fint avbrekk i skulekvardagen.  Det var flott å oppleva eit stort engasjement og få innblikk i det kulturelle mangfaldet i kommunen. Dette må gjerne verta ein tradisjon, seier Sylta. 

Kulturdagen vart avslutta med fellessamling med kultur- og musikkinnslag.

Her er fleire bilete:

Renate Landro Lie (til venstre) og Ragnhild Hareide Breivik. - Klikk for stort bilete
Frå kulturdagen. - Klikk for stort bilete
Frå kulturdagen. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Desse tre kvinne har på seg brodert skjorte (Vyshyvanka). Frå venstre; Liumila Kushnir, Liubov Kondalska og Olena Zhornyk. - Klikk for stort bilete
Frå kulturdagen. - Klikk for stort bilete
Frå kulturdagen. - Klikk for stort bilete
Frå kulturdagen. - Klikk for stort bilete
Frå kulturdagen. - Klikk for stort bilete
Desse tre representenerte Brasil, Honduras og Chile. - Klikk for stort bilete

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Nina Håvik Pettersen og Vigleik Brekke