- Eg gler meg til kvar øving

Det var fest på Straume på torsdag då demenskoret feira eittårsjubileum i lokala i Grønamyrvegen.
- Her er så mange koselege folk, seier kormedlem Edith Margrethe Dahl.

Det var stor stemning og sjølvsagt jubileumskake då demenskoret feira eitt år 16. mai - Klikk for stort bileteDet var stor stemning og sjølvsagt jubileumskake då demenskoret feira eitt år 16. mai.

Før koret kunne feira seg sjølv var det eín time med øving under leiing av dirigent Erika Kroken og hennar gode medhjelparar Elena Kramaridis og Camilla Kolbeinsen.

Edith Margrethe Dahl bur i Knarrvika og starta i koret ei stund etter at det starta opp for eitt år sidan. Ho har ikkje angra eit sekund på at ho engasjerte seg i dette.

- Dette er alle tiders. Eg likar all slags musikk og å koma meg ut. Eg har blitt kjent med nye i koret, og dirigenten og dei andre som leiar øvingane, er kjempeflinke.

- Vi du vera med i dette koret vidare?

- Eg vil ikkje gi meg riktig ennå, svarar Edith som ho skulle vore ein politikar. 

Edith flytta til gamle Fjell kommune for om lag 25 år sidan. Før det budde ho i Bergen og jobba som frisør og i heimehjelpa.

Edit Margrethe Dahl stortrivst i demenskoret, her saman med dottera Vibeke Dahl. - Klikk for stort bileteEdit Margrethe Dahl stortrivst i demenskoret, her saman med dottera Vibeke Dahl.

Mange fekk takk

Det var mange som takka og mange som skulle takkast denne dagen. Ordførar Tom Georg Indrevik takka alle involverte som har bidrege til at dette prosjektet har blitt ein suksess.

- Eg gler meg til konserten den 14. juni. Tenk at de kvar veke skapar glede og augeblikk for dei som kanskje treng det aller mest. Å sjå denne songgleda er fantastisk. Dette hadde ikkje vore mogleg utan frivillige og sponsorar, sa ordføraren.

Demenskoret er eitt av fleire tiltak i regi av Treff+ der Berit Anita Knudtsen Larsen er styreleiar. Ifølgje styremedlem i Treff+, Thomas Skålnes, fekk Ernst Einarsen ideen om eit demenskor her ute etter å ha sett suksessen med demenskor på NRK.

- Med denne aktiviteten skal vi prøva å bidra til eit betre liv og at ein er mindre åleine heime. Eg vil gjerne takka Øygarden kulturskule med leiar Bjørn Andersen, Erika, Camilla og Helena, demenskoordinator Hege Tveit, alle frivillige, sjåførar, Berit Anita (styreleiar) og sponsorane med Sparebanken Vest i spissen. Men den største takken skal vi senda til koristar og pårørande, sa Skålnes.

Demenskoret i Øygarden

Aktivitetstilbodet demenskor inngår som del av handle- og kulturtilbodet TREFF+. Det er spesielt lagt til rette for songglade yngre og eldre personar som har utfordringar med hukommelse og/eller demenssjukdom. Tilbodet er eit lågterskeltilbod. Øvingslokale ligg sentralt på Straume, ved Sartor Storsenter, Grønatunet fellesrom. 
Demenskoret er eit samarbeid mellom Sartor Storsenter, TREFF+, Demensforeininga i Fjell, Sund og Øygarden og Øygarden kommune. Les meir om tilbodet her.

Her er fleire bilete:

Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke