- Eg har ein engel

Det var song frå hjarta til hjarta då demenskoret hadde julekonsert for rundt to hundre frammøtte i Foldnes kyrkje fredag kveld.
- Vi har eit heilt fantastisk fellesskap i dette koret, seier Odd Gunnar Guttormsen etter konserten der han framførte Johannes Kleppeviks «Eg har ein engel» som solosong.

Frå konserten - Klikk for stort bileteMange hadde funne vegen til Foldnes kyrkje fredag kveld.

Dirigent Erika Kroken ønskte publikum velkomen til konsert. 

- Det er fint å vera saman å syngja før jul. Vi starta for eitt og eit halvt år sidan, og vi har vorte godt kjende med kvarandre. Det fungerer som ei bru til eit gamalt liv og vegen til samkjensle, sa ho før koret framførte kjende julesongar og ein del andre godbitar. 

Koret song julesongane og dei andre songane på vakkert vis. Fleire koristar var solistar og tok publikum med storm. Gjestesongar var øygardsværing og operasongar Lasse Økland (O helga natt).

Odd Gunnar Guttormsen - Klikk for stort bileteOdd Gunnar Guttormsen

Odd Gunnar Guttormsen bur på Bjorøyna. Han har vore sjømann og på fiskebåt. Mora spelte trekkspel og orgel på bedehuset. Sjølv spelar han litt gitar heime.

- Eg er svært glad i å syngja, og eg likar alt frå Elvis til salmar. Eg går rundt og nynnar litt for meg sjølv heime også. Fellesskapet i dette koret er heilt fantastisk. Vi preikar og skrønar litt, men det meste er jo sant, ler Odd Gunnar.

Ordførar Tom Georg Indrevik takka alle som hadde bidrege til konserten og det jamne og trufaste arbeidet med demenskoret.

- Det har vore utruleg gode opplevingar å få vera til stades på konsert og øvingar. Utan dei frivillige hadde dette fantastiske prosjektet stoppa opp. Vi har grunn til å gje stor applaus til dei frivillige. Og også takk til Lasse Økland. Han starta songkarrieren i Blå Kors-speidaren, minna ordføraren om.

Koret - Klikk for stort bilete

Martha Fjell Sangolt takka styreleiar i Treff+, Berit Anita Knudtsen Larsen, for alt det ho har gjort for Treff+ og demenskoret.

- Kva skulle vi gjort utan henne? Du er heilt topp, sa ho.

Frå kulturskulen deltok Oda Straume Våge, Mia Straume Våge, Filippa Lillebø Skår, Leah Kroken, Yada Tjong, Ingrid Elize Hellesund-Rong og Ingrid Klepsvik. Rune Lynglund spelte kornett og hjelpte til som dirigent og korist. Ande musikantar var Elena Kramaridis, Marija Kadovic, Camilla Kolbeinsen.

Her er fleire bilete:

frå konserten - Klikk for stort bilete
frå konserten - Klikk for stort bilete
frå konserten - Klikk for stort bilete
frå konserten - Klikk for stort bilete
frå konserten - Klikk for stort bilete
frå konserten - Klikk for stort bilete
frå konserten - Klikk for stort bilete
frå konserten - Klikk for stort bilete
frå konserten - Klikk for stort bilete
frå konserten - Klikk for stort bilete
Koret - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke