- Eg har funne hylla mi

- Det er fint at me kan ha ei formell samling som dette. Det seier Karina B. Opitz som saman med 31 andre lærlingar var på velkomstsamlinga på rådhuset på måndag.

Samtale mellom Preben Foldnes og Karina B. Optiz - Klikk for stort biletePreben Foldnes og Karina B. Optiz opplevde velkomstsamlinga som svært nyttig.

Karina (26) bur på Steinsland og starta utdanning innan tannpleie. Men dette var ikkje noko for henne. I januar i år tok ho fatt som lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget på Skogsvåg skule og har praktisert i femte klasse der.

- Eg fann ut at tannpleie ikkje var noko for meg. Eg er kreativ og vil bruka kroppen. I første omgang skal eg vera eitt år på Skogsvåg skule. No har eg funne hylla mi, seier Karina B. Opitz.

Preben Foldnes (25) bur i Klokkarvik. Han tok to år med byggfag og seinare påbygg. Men også han har skifta beite.

- Eg fann ut at eg vil arbeida meir med menneske. Eg har hatt praksis på Haukeland universitetssjukehus, og no ser eg fram til lærlingplassen eg skal ha på Sundheimen. Eg er veldig spent, men gler meg, seier han.

Det er 17 helsefagarbeidarar (inklusive «Menn i helse», 11 barne- og ungdomsarbeidarar, tre i IT-driftsfaget og eín i service og administrasjonsfaget som dette året tek fatt som lærlingar i Øygarden kommune.

Alle lærlingane - Klikk for stort bileteØygarden tek imot 32 nye lærlingar dette året.

Leiingskompass

Kommunedirektør Johnny Breivik ønskte dei nye lærlingane velkomen. Han viste mellom anna til leiingskompasset som synleggjer verdiane og måla for Øygarden kommune; Stolt, på lag, med glød og modig.

- Vi ønskjer at du som lærling skal vera stolt av Øygarden og kommune og det faget du skal jobba med. Du skal vera på lag med eininga di og med glød vera med og utvikla faget ditt. Du skal også våga å vera modig til å testa ut nye løysingar. Vi håpar de finn dette meiningsfullt, triveleg og gjevande og vil søkja jobbar i Øygarden, sa kommunedirektøren.

Høgtidsdag

Konstituert avdelingsleiar for lærlingordninga, Linda Haugstad, sa at dette er ein høgtidsdag. Saman med fagleiarane Berit Gurine Algrøy i barne- og ungdomsarbeidarfaget (ho er også konsulent), Britt Kolås (helsearbeidarfaget) og andre medarbeidarar skal Haugstad støtta og hjelpa lærlingane til å kjenna seg velkomne i kommunen.

- Eg håpar at du opplever denne dagen som ein spesiell dag i livet ditt. Vi gler oss til å verta kjent med deg. Du vil oppleva dagar med glede og meistring, men nokre dagar vil også gje utfordringar. Vi håpar at du vil vera positiv, raus og imøtekomande. Akkurat du kan gjera ein forskjell for dei du skal jobba med, sa Haugstad.

Karina og Preben opplevde velkomstdagen som ein fin dag.

- Det er fint å ha ein slik formell og trygg start, seier Karina. 

På velkomstsamlinga for lærlingane vart det den første dagen også gjeve informasjon om personvern (GDPR), nettbasert verktøy for alle lærlingar (OLKWEB). 

På tysdag var det gjennomgang av lærlingordninga (roller og ansvar),HMT (Helse, miljø og tryggleik), Compilo (avvik, forbetringsforslag og dokumentbibliotek) og kva reglar som gjeld dersom ein vert sjuk. 

I neste veke vert det opplæring i brannvern og førstehjelpskurs på brannstasjonen på Ågotnes.

Her er fleire bilete:

IT-driftsfaget - Klikk for stort bilete
Barne- og ungdomsarbeidarfaget - Klikk for stort bilete
Helsearbeidarfaget, inklusive "Menn i helse" - Klikk for stort bilete
Kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bilete



Tekst og foto: Vigleik Brekke