- Eg har hatt eit godt liv

Spreke Signe Kårtveit tok imot ordføraren i generasjonsbustaden på Kårtveit på tysdag denne veka, dagen etter at ho fylte 100 år. 
- Eg var litt nervøs då sjølvaste ordføraren skulle koma på besøk, seier Signe. 

Ordførar Tom Georg Indrevik log seg imponera over den spreke 100-åringen, Signe Kårtveit. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik let seg imponera over den spreke 100-åringen, Signe Kårtveit.

Signe Kårtveit bur heime. Rundt seg har ho eit godt familienettverk ho set stor pris på. Kvar veke deltek ho på dagsenteret på Kvednatunet. Dette tilbodet vil ho ikkje gå glipp av. 

- Eg får besøk av heimesjukepleien som gjev meg medisinar. Eg får gjerne middag frå familien, men eg lagar elles til mat og vaskar og steller huset sjølv, seier Signe.

Signe Olsen Landro vaks opp på Landro saman med ni andre søsken der familien dreiv gardsbruk, landhandel og bakeri. I 1940 reiste ho til Oslo for å arbeida på eit misjonshotell. Men det viste seg at tyskarane hadde overteke hotellet. Ho fekk seg ein jobb på eit sjukehus fram til krigen var over i 1945.

- Det var fantastisk å gå på Karl Johan då freden kom, seier Signe som kom seg vestover att og gifte seg med Normann Kårtveit i 1950. Ho hadde vore ven og kjærast med Normann i fleire år. 

Med på ordførarbesøket var også sonen, Harald Kårtveit. - Klikk for stort bileteMed på ordførarbesøket var også sonen, Harald Kårtveit.

Slo seg ned på Kårtveit

Normann var mellom anna på eit militærfartøy for dei allierte under krigen og opplevde at skipet vart treft av ein torpedo i den engelske kanalen. Signe og Normann slo seg ned på Nordli på Kårtveit. Normann var fiskar, medan Signe i ein alder av 54 vart «teken av uljo» og jobba i vaskeriet på ei oljeplattform i fleire år. 

Saman fekk dei fire barn og ein stor flokk barnebarn. Signe har no 15 oldebarn.

Ordførar Tom Georg Indrevik var mektig imponert over kor sprek Signe er. Ho har redusert syn, men klarer seg godt og har stor gleda av å lytta til radio.

Signe Kårtveit, 16 år gamal. - Klikk for stort bileteSigne Kårtveit, 16 år gamal.

Signe likar å pynta seg. Det hadde ho naturlegvis gjort då ordføraren kom på besøk. Dette besøket var stas.

- Det er viktig å pynta seg. Det har med verdigheit å gjera. Eg vil leva lenge på dette besøket, sa ordføraren.

- Men kva råd vil du gje for at ein skal oppnå ein alder på 100 år, ville ordføraren vita.

- Eg er alltid optimistisk og har hatt eit godt liv. Eg har styrt unna røyk og sterk drykk. Eg kom med i ei vekking i ungdomen og engasjerte meg i musikklaget både på Landro og Eide, sa Signe som alltid har vore svært glad i musikk.


Tekst og foto: Vigleik Brekke