Prat rundt bordet. Frå venstre; Grete Hansson, Inger Lise Halle Toresen og Marie Garen Aaberg.For første gong har Øygarden kommune invitert dei som har flytta til kommunen til ein uformell velkomstsamling på innbyggartorget og biblioteket.
Det var dei som var registrert som innflyttar i løpet av 2025, som vart invitert denne gongen. Etter planen vil nyinnflytta i løpet av 2026 verta invitert til ein tilsvarande samling om eitt års tid.
Det var ingen tilfeldig dag dei nyinnflytta vart invitert til ei samling som dette. Denne dagen var det frivilligdag med standar på Thon Senter Sartor, og då kunne dei nye innbyggjarane verta kjende med det mangfaldige frivillige arbeidet i kommunen.
- Glad for at de valde Øygarden
Etter at dei frammøtte fekk sjå «Øygards-videoen», talte ordførar Tom Georg Indrevik. Han understreka at det er menneska som skapar kommunen.
- Ikkje alt er perfekt her, men vi prøver å gje tenester etter behov. Her er tre tusen tilsette som vil gjera dette til ein god kommune å bu i. Vi er svært glade for at de har valt å busetja dykk i kommunen vår, og vi håpar de vil verta gode ambassadørar for Øygarden, sa ordføraren.
Ordførar Tom Georg IndrevikØygarden var førstevalet
Grete Hansson har budd i Bergen og fram til november i Askøy kommune. Grete, som no er pensjonist, har arbeidd som helsesekretær i Helse Bergen (Haukeland universitetssjukehus).
Ho hadde einebustad på Askøy og var no på jakt etter ei leilegheit. Førstevalet var Øygarden.
- Eg har ei dotter med familie som bur på Kolltveit og ei dotter som bur på Laksevåg. No har eg flytta til Straumsfjellet. Det er sentralt og nær eit stort senter og bussterminal med eit godt kollektivtilbod. Eg har hyggelege naboar. Her er eit lite parkanlegg, plen, buskar og benker, seier Grete som rosar kommunen for å invitera henne til denne velkomstsamlinga.
Ho vil gjerne nytta seg av ulike tilbod i kommunen.
- Det er ein del aktivitetar i burettslaget der eg bur. Eg har også fått med meg at det er tilbod som eg kan delta på i regi av Seniorsenteret, Aktiv+ og Treff+. Eg likar naturen og skal koma meg ut, seier Grete Hansson som berre har budd nokre få månader i Øygarden.
Ved det same bordet sit mellom anna Inger Lise Thoresen som har busett seg på Bildøyna.
- Eg kom frå Mandal der eg har budd i 18 år. Her er rimelegare leigeprisar enn i Bergen. Eg nyttar sykkel eller går via tunnelen ved Straume Sjøfront for å koma meg til senteret. Eg hadde ikkje busett meg på Bildøyna dersom det ikkje var for tunnelen, seier ho.
Frå velkomstsamlinga på innbyggartorget og biblioteketHelsesjukepleiar tok grep
Det var kommunalsjef for Organisasjon og beredskap, Anne-Merete Vabø Haugane, som leia samlinga på innbyggartorget og biblioteket denne laurdagen. Ho fortalde om sitt møte med kommunen (gamle Fjell kommune) og lokalsamfunnet då ho og familien fann draumebustaden på Brattholmen.
Då ein vaken helsesjukepleiar forstod at Anne-Merete ikkje kjende nokon i kommunen, vart det teke grep. Helsesjukepleiaren ordna det slik at ei anna mor med ein liten baby på Brattholmen fekk time på helsestasjonen rett etter Anne-Merete. Praten på venterommet var starten på eit tett og godt venskap som har vart i 32 år.
Her er fleire bilete: