- Eg vart positivt overraska

Nina Harkestad og Hildur Søhoel var to av dei 35 som møtte opp på det første innspelsmøtet om arealdelen til kommuneplanen. Møtet på Tjeldstø skule onsdag kveld var på mange måtar startskotet for arbeidet med å få folket i tale i eit omfattande arbeid med arealdelen fram til endeleg vedtak våren 2027.

Nina Harkestad (til venstre)  og Hildur Søhoel tykte innspelsmøtet var nyttig. - Klikk for stort bileteNina Harkestad (til venstre) og Hildur Søhoel tykte innspelsmøtet var nyttig.

Tjeldstø er ein av sju stader i Øygarden som er peika ut i samfunnsdelen til kommuneplanen med status som lokalsenter. Fram til 13. juni skal det vera tilsvarande møte på dei seks andre lokalsentera. Neste møte er på Toftøyna 28. mai kl. 18.30. Les meir om dei andre innspelsmøta her. 

Hildur Søhoel er utflytta øygardsværing og har sekundærbustad på Tjeldstø. 

- Vi er veldig glad for at det vert halde eit slikt innspelsmøte. Vi er glade i bygda vår og gler oss over at vi har skule, bussterminal, butikk, nærleik til sjøen og fine turvegar, seier Hildur.

Nina Harkestad har vakse opp på Harkestad og har hatt Tjeldstø som sitt bygdesenter all si tid.

- Her er det fred og ro. Butikken er viktig. Det tek meg to minutt å koma meg dit. Eg gler meg også over at vi har fått Alvheimstuene som serveringsstad. Eg er trygg på at bygdefolket vil nytta seg av det tilbodet. La oss ta vare på det vi har, seier Nina som vedgår at ho var litt skeptisk på førehand, men vart positivt overraska over opplegget med innspelsmøtet.

Hildur og Nina er ikkje særleg begeistra over kondensatrøyrleidningane som går gjennom bygda.

- Få dei vekk og legg dei i sjøen. Eg har søkt om å få byggja ei bryggje, men søknaden vert ikkje behandla i påvente av avklaring av kondensatrøyrleidninga, seier Hildur.

- Kva saknar de her på Tjeldstø?

- Så lenge eg kan køyra for å koma meg fram, går det greitt slik det er. Apotek hadde vore bra, men med apotek på Rong er me godt hjelpne, seier Nina som saman med Hildur gler seg over tilbodet i det gamle bedehuset på Tjeldstø som no er grendehus. 

Deltakarane på møtet vandra rundt på sju bord med kvart sitt tema og vart utfordra til notera ned merkader og innspel direkte på kartet. - Klikk for stort bileteDeltakarane på møtet vandra rundt og samla seg ved borda som hadde kvart sitt tema. Der vart dei utfordra til å notera ned merknader og innspel direkte på kartet.

Alle innspel vert vurderte og følgjer saka

Samfunnsplanleggjar Eli Janette Fosso leia møtet på Tjeldstø. Ho opplyste at det skal gjennomførast innspelsmøte i dei sju lokalsentera. Alle innspel og merknader vil følgja saka, lova ho.

I denne omgang ønskjer kommunen tilbakemelding på sju tema. Det er identitet og tilhøyrsle, bustad for alle, tenester i lokalsenteret, tilgang til natur, uterom og møteplassar, mobilitet og trygg ferdsel og ressursgrunnlag og småskalanæring. 

Fleire tok ordet under oppsummeringa i plenum.

- De har eit stor ansvar. Vis at de høyrte på oss, var dei formanande orda frå Kari Fjeldstad.

Atle Dåvøy takka for fin presentasjon og opplegg for møtet. Han understreka at vi skal ha eit lokalsenter her og at det ligg mykje ansvar på politikarane i det vidare arbeidet. 

- Alle skal verta høyrde, men ikkje alle får viljen sin, sa Svein Otto Jacobsen som inviterte folk til å koma med innspel og nytta heimesida til kommunen for å formidla synspunkt på arbeidet med arealplanen. Jacobsen er leiar i kommuneplanutvalet.

Etter planen skal strategisk planprogram sluttbehandlast januar/februar 2026, medan den endelege arealdelen til kommuneplanen skal behandlast av kommunestyret våren 2027.

Les meir om arealdelen til kommuneplanen her.

Her er fleire bilete:

Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Rikard Ledang og Vigleik Brekke