Ein annleis norsktime

- Eg var ikkje spesielt flink i norsk. Komikar og forfattar André Ulveseter var ærleg overfor elevane i 8. klasse på Øygarden ungdomsskule då han på fredag gav dei ein norsktime full av humor, men fullpakka av matnyttig kunnskap. Dagen før besøkte han Tranevågen ungdomsskule.

Ulveseter underviser - Klikk for stort bileteDet er forskjell på "fiske kaker" og "fiskekaker", seier André Ulveseter

Den annleis norsktimen har sitt utspring i Facebook-sida i kampen mot særskrivingsfeil» oppretta av André Ulveseter. I løpet av nokre dagar, hadde sida hundre tusen følgjarar. Seinare har det kome ut bok om prosjektet.

- Ja, eg må vel vedgå at eg ikkje var så flink på skulen i det heile tatt. Eg fekk denne meldinga frå læraren; Analyser dette diktet, din gjøk. No seier eg; Språket er dykkar viktigaste verktøy, seier han.

Elevane likte ein annleis norsktime - Klikk for stort bileteElevane likte ein annleis norsktime

Elevane klagar ikkje på den vanlege undervisninga, men dei likte ekstra godt det dei fekk vera med på denne dagen.

- Det var ein veldig fin time. Det er lettare å læra når vi får det presentert på denne måten, seier Eline Harkestad Humlen og Selja Oen Viksund.

André Ulveseter viste mellom anna til det kjende sitatet som mang ein lærar har nytta i undervisninga om kommareglane.

- «Heng han ikkje, vent til eg kjem» betyr noko anna enn «Heng han, ikkje vent til eg kjem». Det er fort gjort å misforstå. 

Det skulle tingast to kaker og meldinga til bakeriet var at «skriv God jul på begge kakene». 

- Det vart levert eí kake med følgjande tekst: God jul på begge kakene».

Frå ein annleis norsktime - Klikk for stort bilete

André snakkar mykje om korleis vi skal skriva samansette ord rett. Med mykje humor presenterte han mange døme kor gale det går når vi rotar med dette. Mange har eit oppfatning av at norsk er det kjedelegaste faget på skulen.

Redninga her kan vera at særskrivingsfeil er dei mest morosame feila i det norske språket. André presenterte mange døme illustrert med talande bilete som viser ei heilt anna tyding dersom orda vert delte feil. Bodskapen vert forsterka med bilete.

- Fotgjengar felt – fotgjengarfelt, Fiske kake – fiske kake, pirat kopierer – piratkopierer, røy fritt - røykfritt. Døma er mange. Høyrest det ut som eitt ord, er det som oftast det, seier han.

Frå ein annleis norsktime - Klikk for stort bilete

Logoen til Øygarden vart også kommentert i norsktimen på Øygarden ungdomsskule denne dagen.

- Eg er ikkje særleg begeistra for korleis Øygarden kommune presenterer logoen sin med oppdeling av namnet på tre linjer. Eg tykkjer ikkje det er pent. Alle gjer dette, og eg forstår at det noko «grafiske-greier», seier han.

André fortel at han har drive på med dette i 12 år og hatt 700 førelesingar. Han opplever at responsen er god. Timen «Ett ord – bilder i kampen mot særskrivingsfeil» er ein del av den kulturelle skulesekken.

- Mitt tips er; les ei bok. Det er mykje betre at du les ei dårleg bok enn at du ikkje les i det heile tatt, er oppmodinga frå Andrè Ulveseter. 

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke