Ein telefon kan bety ein viktig forskjell

10. oktober er verdsdagen for psykisk helse. I kampanjen dette året vert vi oppmoda om å setja av åtte minutt til å ringja nokon vi bryr oss om – kvar dag. 

Forsking viser at eit slikt tiltak gjer meir for helsa enn vi trur. Verdsdagen for psykisk helse er ein nasjonal befolkningskampanje som vert markert i heile landet i vekene 39 til 42 kvart år.

44 prosent i Noreg er plaga av einsemd, i større eller mindre grad. Ein av fem opplever at de ikkje har nokon å venda seg til når dei går gjennom noko vanskeleg, og 4 av 10 studentar har få eller ingen vener. I år vert vi oppmoda om å ta opp telefonen og ringja. Å høyra stemma til ein vi er glad i, gjer mykje meir for oss enn det vi trur.

Lokalt arrangement

I Øygarden vert det invitert til foreldremesse og Frode Thuen live på Sartor Storsenter 17. oktober frå klokka 12.00. Der vil du møta alle dei gode kreftene som jobbar for barn og unge i kommunen vår for uformelle råd, ein god prat og oversikt over moglegheitene som finst. Her vert det både konkurransar og fine giveaways.

Klokka 18.00 entrar Frode Thuen bibliotekscena for å inspirera oss om korleis vi tek vare på og hjelper ungdomen vår. Frode er ein erfaren psykolog, forfattar og terapeut godt kjent frå spaltene sine i nokre av landets største medium. Arrangementet er gratis.

Ordførar Tom Georg Indrevik oppmodar oss å spandera åtte minutt og ta kontakt med nokon som treng ein prat.

Sjå video: