Eit annleis flyktningår

Øygarden kommune busette om lag 200 flyktningar i 2022. Dei fleste kjem frå Ukraina, men kommunen tek også imot flyktningar frå fleire andre land. Kommunestyret har gjort vedtak om å ta imot like mange flyktningar i 2023. Korleis er situasjonen no, og kva er utfordringane framover?

Frå eittårsmarkeringa for Ukraina-krigen 24. februar.  - Klikk for stort bileteFrå fellessamling i innbyggartorget og biblioteket.

Etter at krigen i Ukraina braut ut, har Øygarden kommune både vore vertskommune for eit statleg akuttmottak på Nautnes for om lag 100 personar månadleg og busett 200 flyktningar. Mottaket var i drift om lag seks månader i 2022. For Oppvekst, Helse – og velferd innebar dette mellom anna etablering av nødvendige helsetenester som lege og helsesjukepleiar ved mottaket. 

Øygarden vart oppmoda om å busetja 140 flyktningar i 2022, medan kommunestyret vedtok ei ramme på inntil 250. Etter at året er omme, viser det seg altså at det samla er busett 200 flyktningar i 2022, dei fleste er fordrivne frå Ukraina. Formelt har dei som har kome frå Ukraina status som fordrivne.

Organisering

For å møta eit stort mottak  av flyktningar etablerte kommunedirektøren arbeidet som eit prosjekt samansett på tvers i organisasjonen. Leiargruppa til kommunedirektøren er styringsgruppe for prosjektet. I tillegg er det sett ned ei tverrfagleg prosjektgruppe til å konkretisera arbeidet med mottak av dei som kjem frå Ukraina.

- Vi skaffa husvære til over femti familiar i fjor. Det har vore eit godt samarbeid med Øygarden bustadforvaltning KF om framskaffing av bustader. Busetjinga vert i stor grad vurdert til å vera vellukka. Kommunestyret har vidareført busetjinga frå i fjor ved at det er vedteke å busetja ytterlegare 200 flyktningar i år, seier leiar av prosjektgruppa, Monica Pedersen.

Opplæring

Opplæringslova er styrande for kva tilbod som skal gjevast til barn, unge og vaksne. Talet på flyktningar har svinga gjennom 2022. Då det vart etablert akuttmottak Nautnes, fekk barn og unge raskt tilbod om skule og barnehage i hovudsak nord i kommunen. Kommunen tok også imot landflyktige som busette seg sjølv, og i løpet av 2022 er det busett menneske over heile kommunen vår, frå nord til sør og i midtregionen.

Mottaket på Nautnes blei etter kvart lagt ned, og nokre blei busette i Øygarden kommune og nokre i andre kommunar. Nokre av dei som kom i løpet av 2022 ønskte å reisa tilbake til Ukraina. Dette forklarar litt av grunnane til at talet har svinga gjennom året.

- Oppvekst er stolt og imponert over den innsatsen som alle einingar og tilbod organisert under Oppvekst tilbyr innbyggjarane våre. Arbeidet med sårbare barn, unge og vaksne som er flyktningar, er omfattande og krev særskilt utdanning, tilstrekkeleg ressursar og tilnærming. Einingane og ulike ansvarsområde under Oppvekst arbeider på ein førebiletleg og framifrå måte, meiner migrasjonsfagleg rettleiar Oppvekst, Cecilia Byrknes.

Vaksenopplæringa

Vaksenopplæringa i Øygarden kommune har pr. mars 2023  om lag 85 vaksne deltakarar frå Ukraina på norskopplæring. Sidan august 2022 har vaksenopplæringa hatt 101 ukrainarar i opplæring.

I tillegg driv vaksenopplæringa opplæring for vaksne landflyktige frå andre land, familiegjenforeining og mellom anna arbeidsinnvandrarar.

Innføringstilbod og nærskule

Tala for skuleåret 2022 – 2023 syner at vi har nærare 60 barn og unge frå Ukraina i skule og barnehage.

Øygarden kommune har innføringstilbod på Knappskog skule, Skogsvåg skule og Tranevågen ungdomsskule i tillegg til fleire andre nærskular. Vidare har Tjeldstø skule og Øygarden ungdomsskule teke imot elevar frå Ukraina. Fleire av elevane som tok til med innføringstilboda i kommunen 1 – 7. trinn, vert i løpet av hausten overførte til ordinære klassar på nærskulane.

Kommunen tek framleis imot nye landflyktige, og i desse dagar har fleire barn og unge frå Ukraina sin første skuledag eller sitt første møte med barnehagen. Skulane har og eit stort tal elevar som er landflyktige frå andre område og mange fleirspråklege elevar utover dette.

Barnehage

Barnehagesektoren har pr. dags dato litt over 20 barn frå Ukraina som fordelte over 10 barnehagar i kommunen. Talet her har i periodar vore større i løpet av 2022.  Fleire barnehagar har teke imot flyktningar frå andre område av verda, i tillegg til landflyktige frå Ukraina.

Barn, unge og vaksne som har flykta frå andre land og som er busette i Øygarden, kjem i tillegg. Det same gjeld dei som får tilbod om barnehage og skule som ein konsekvens av arbeidsinnvandring.

Tetyana Omelyanyuk og Kristoffer Møvik arbeider med busetjing og etablering av ukrainske flyktningar. - Klikk for stort bileteTetyana Omelyanyuk og Kristoffer Møvik arbeider med busetjing og etablering av ukrainske flyktningar.

Flyktninghelsetenesta

Flyktninghelsetenesta i Øygarden har i 2022 gjeve helseundersøking og oppfølging til alle flyktningane som vart busette i kommunen. Kommunen gav også tilbod om helsetenester til alle asylsøkjarane som  var på Nautnes akuttmottak frå mars til september 2022. Helsesjukepleiar for flyktningar Liv Hege Pedersen opplyser at dette har vore eit samarbeid mellom kommuneoverlegen, smittevernlegen, kommunepsykolog for barn og helsesjukepleiar for flyktningar.

NAV

NAV har ansvaret for å busetja overføringsflyktningar og tilby introduksjonsprogram. For tida er det 91 personar som er aktive deltakarar i introduksjonsprogrammet. Av disse kjem 62 deltakarar frå Ukraina og 29 frå andre nasjonalitetar.

- Det er arbeidd svært godt med å følgja opp overføringsflyktningar og flyktningar frå Ukraina, og det er lagt ned ein stor ekstra innsats for å kunna tilby introduksjonsprogrammet til så mange flyktningar.  Fleire medarbeidarar er omdisponerte frå normale arbeidsoppgåver, og mange har tatt på seg ekstra oppgåver for å få dette til. Medarbeidarane i avdelingane Integrering og jobbstøtte og Service og velferd fortener ros for innsatsen og korleis dei har handtert situasjonen, seier leiar i NAV Øygarden, Nina-Susanne Andersen.

Innbyggartorg og bibliotek

I dei mest hektiske periodane med mottak av ukrainske flyktningar har Ukraina-prosjektet vore fast stasjonert på innbyggartorg og bibliotek. Her får ein bistand til praktikalitetar og anna i samband med livet i Noreg.  Aviser og bøker på ukrainsk er sjølvsagt også tilgjengelege.

Kvar tysdag er det språkkafé på innbyggartorg og bibliotek på Sartor senter. Der deltek både ukrainske og andre flyktningar på ein sosial møteplass der ein kan få praktisera norsk. Tilbodet er i samarbeid med Øygarden frivilligsentral. Det er om lag 80 deltakarar og 10-15 frivillige kvar tysdag.

Aktivitetstilbod

Det har vore stort frivillig engasjement og gjevarglede når det gjeld dei fordrivne frå Ukraina. I perioden med akuttmottak, etablerte Røde Kors i samarbeid med lokale foreiningar og kyrkja språktrening og sosiale treff på Nautnes. Det har vore fleire innsamlingar av klede både i regi av frivillige og frivilligsentralen.

- Fleire lag og organisasjonar har hatt open dag og informasjonsarrangement for å inkludera dei som er komne til kommunen det siste året. Vi ser auka deltaking i frivillige aktivitetar, seier rådgjevar for frivilligheit, Julia Valeska Woehlert.

Det norske og ukrainske flagget ved Øygarden rådhus på eittårsdagen for ukrainakrigen 24. februar.  - Klikk for stort bileteDet norske og ukrainske flagget ved Øygarden rådhus på eittårsdagen for ukrainakrigen 24. februar.

Framover

Innan påske er det venta at vel 20 personar har fått busetjing i kommunen. Dette vil truleg auka utover året. I fjor var det samla behov for om lag 50 bueiningar ved busetjinga av 200 personar, og det er venta at det vil oppstå eit tilsvarande behov for bustader dette året.

- Kommunen vil halda fram med busetjinga, og ein vil nytta alle månadane i året til å få folk i hus. Dette vert annleis enn i fjor då ein busette 200 personar frå juni til desember, seier Monica Pedersen.

Dei som har bustad til leige, kan melda dette inn på nettsida til kommunen. Der er det også informasjon om korleis ein kan gå fram for å donera møblar. Les meir her.


Red. og foto: Vigleik Brekke