Eitt steg nærare anlegg for karbonfangst på Stura

Denne veka vart det avklart at eit eventuelt anlegg for å fanga og lagra CO2 i regi av Equinor skal lokaliserast på Stura. 

Førebels avgrensing av område for landanlegg med grå skravur sør for Stureterminalen - Klikk for stort bileteFørebels avgrensing av område for landanlegg med grå skravur sør for Stureterminalen

Equinor vart i 2022 tildelt lisens for lagring av CO2 i det geologiske reservoaret Smeaheia under Nordsjøen. Selskapet starta planprosessar både i Øygarden og Alver før det vart gjort endeleg val kvar ein skal ha eit eventuelt anlegg for karbonfangst. 

Direktør for Equinor Øygarden, Bjarte Padøy, understrekar at det er ikkje er gjort noko endeleg vedtak om ein skal realisera prosjektet. 

-    Endeleg avgjerd vert teken i 2025, men vi er eitt steg nærare realisering, seier Padøy.

Ordførar Tom Georg Indrevik er glad for avklaringa om lokalisering av eventuell karbonfangst. Han understrekar at Øygarden er ein viktig arena for det grøne skiftet. 

- Vi er klar over at ikkje det er avgjort om prosjektet skal realiserast, men det er gledeleg om det kjem ytterlegare eit grønt industriprosjekt i kommunen vår, seier ordføraren.

Plan- og miljøutvalet (PMU) vedtok den 7. mars  oppstart av detaljregulering for Smeaheia CO2-anlegg og at planprogram for Smeaheia vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Det er planlagt å lagra opp til 20 millionar tonn CO2 i året. Konsept for transport av CO2 er todelt: 

  • Ta imot CO2 med skip, mellomlagring på land og vidaresending i røyr for permanent lagring i reservoaret. 
  • Frakt av CO2 gjennom røyrleidningar direkte til Smeaheia frå Europa.

 

 

Tekst: Vigleik Brekke
Skisse: ABO Plan og Arkitektur