Eksklusivt møte med ordføraren

- Ver stolt av jobben din! Det var oppmodinga frå ordførar Tom Georg Indrevik då han på tysdag inviterte sal, service og reiseliv VG2 på Sotra vidaregåande skule til lunsj. 

Tysdag var sal, service og reiseliv på lunsjbesøk hjå ordføraren. - Klikk for stort bileteTysdag var sal, service og reiseliv på lunsjbesøk hjå ordføraren.

I samband med plastryddeaksjonen den 20. april, der alle elevane på Sotra VGS deltok, var det denne klassen som trekte vinnarloddet. Og vinnarloddet var lunsj med ordføraren.

Det må også nemnast at sal, service og reiseliv deltok i konkurransen om beste ungdomsbedrift i fylkesmeisterskapen og hamna på ein imponerande 2. plass.

Lærar Synnøve Bjorøy opplyser at alle elevane har anten fått læreplass frå hausten av eller held fram med studiespesialisering. Elevane har alle fått prøvd seg med arbeidspraksis på hotell.

- Då måtte vi mellom anna læra oss «small talk». Det var nyttig å læra å snakka med folk vi ikkje kjende, sa Tobias.

Elevane ville gjerne at ordføraren gav dei tips for det yrket dei er på veg mot.

- Det er ein livsstil, og du lengtar gjerne tilbake til reiselivet. Språk er viktig. Ein leiar lærte meg at to ting var viktig når det gjeld reiseliv. Det eine er at du held historia levande. For det andre må du vera villig til å plukka boss! Ver stolt av jobben, sa han.

I tillegg til Synnøve Bjorøy, var også lærar Linn Stokke med på lunsjmøtet med ordføraren.


Tekst og foto: Vigleik Brekke