Endring nr. 5 av reguleringsplan for bustadar på Straume sør, gbnr. 35/5, 58 m.fl. – Straume
Øygarden kommune har med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd gjort delegert vedtak om endring etter forenkla prosess av reguleringsplan for bustadar på Straume sør, gbnr. 35/5, 58 m.fl. - Straume.
Vedtaksdato: 06.03.2025
Kunngjeringsdato: 14.03.2025
Saksnummer: 23/9477
Arealplan-ID: 124620080011
Opne i plankart
Plandokument
Status: Godkjent plan
Gardsnamn: Straume
Kort om planen og endringa
Planområdet ligg rett sør for Straume sentrum, om lag 700 m frå Sartor storsenter. Endringa gjeld felt B1a og B1b i gjeldande plan.
Gjennom endringa er tillaten tal bustadeiningar for felta totalt auka frå 24 til 38, parkeringsdekning er redusert frå 1,5 til 1 per bustadeining. Maks byggjehøgde er auka med 1 m frå gjeldande plan, og det er planlagt ny løysing for renovasjon. Det er opna for reduksjon i krav til storleik på uteopphaldsareal for dei største bustadeiningane, samtidig som det er sikra eit løft i kvaliteten på uteopphaldsareala. Det er elles gjort mindre justeringar av føremåls- og byggjegrenser, og uteophaldsareal er blitt regulert i område med gode solforhold.
PlankartDokument i saka
Dokument i saka er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister.
Klagefrist
Eventuelle merknadar og innspel kan formidlast til kommunen som:
Vi ber om at De ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt referansenr. 23/9477.
Klagefrist er sett til 04.04.2025.
Publisert 14.03.2025 05.00