Engasjerande forfattarbesøk

I regi av koordineringstenesta for skulebibliotek var forfattar Arne Kristian Lindmo i førre veke på turné i Øygarden, med bokserien Trollheim. Han vitja dei tre avdelingane til Øygarden innbyggartorg og bibliotek, Skogsskiftet, Rong og Straume. No gler lærarane seg til høgtlesing for elevane.

Besøket av Arne Kristian Lindmo engasjerte elevane. - Klikk for stort bileteBesøket av Arne Kristian Lindmo engasjerte elevane.

Arne Lindmo vann Ark sin barnebokpris i 2022, i tillegg vann illustratøren, Ida Skjelbakken prisen for årets beste illustrasjonar av kulturdepartementet, for illustrasjonane sine i Trollheim serien.

Alle 6. klasser i kommunen var inviterte på forfattarbesøk. Det var utruleg kjekt å møta desse lydhøyre og interesserte elevane, som hadde mange gode spørsmål om det å vera forfattar, nokre ønskte skrivetips, dei ville høyra meir om illustratøren, og ikkje minst om bokserien Trollheim. 

Det blei tid til litt autografskriving og «selfies». Det var også stort engasjement om det å finna løysingar på problema hovudpersonane i bøkene møter på. 

Vi fekk ein presentasjon av den uavhengige juleboka «Julekuppet», ei julebok med mykje god julestemning og fantastiske illustrasjonar, og som i tillegg er svært spennande og nervepirrande. Alle bøkene til Øygarden innbyggjartorg og bibliotek er no utlånte med reservasjonslister. 

Det tyder på at forfattarturneen har vore ein suksess. «Julekuppet», vart kuppa av lærarane ganske kjapt, dei gleda seg til å lesa ho høgt for elevane i desember.

Her er fleire bilete:

Forfattar som møter elevar på innbyggartorg og bibliotek - Klikk for stort bilete
Forfattar som møter elevar på innbyggartorg og bibliotek - Klikk for stort bilete
Forfattar som møter elevar på innbyggartorg og bibliotek - Klikk for stort bilete
Bøker - Klikk for stort bilete
Forfattar som møter elevar på innbyggartorg og bibliotek - Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Trine Torsvik