Er du førstegongskjøpar, men manglar eigenkapital?
Denne hausten startar Husbanken opp med ei forsøksordning med startlån retta mot førstegangsetablerarar. Målet er å gjera det lettare å koma seg inn på bustadmarknaden for personar som ikkje har spart nok eigenkapital til å få lån i vanleg bank.
Pixabay
Øygarden er ein av 19 kommunar som er med på forsøksordninga og har fått tilsegn om 20 millionar kroner.
- No startar jobben i kommunane med å få pengane ut til dei som etter fleire år med sparing ikkje har fått lån til bustadkjøp, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).
Startlånet er delt i to ulike lån. Ordinært startlån er for deg som har behov for ein stabil og trygg bustad, men som ikkje får bustadlån i privat bank. Startlån til førstegangsetablerarar er for deg som skal kjøpa bustad for første gong, som har litt eigenkapital og som ikkje er i målgruppa for det ordinære startlånet.
Les meir om startlån og tilskot til etablering her.
Publisert 06.12.2024 09.45