Er du vår nye helserekrutt?

Meld deg på infomøte om Menn i Helse no! «Menn i helse» skal bidra til å rekruttera fleire helsefagarbeidarar til kommunesektoren. No er vi på leiting etter nye deltakarar til kull 2024.

Ill.foto - Klikk for stort bilete Illustrasjonsfoto

Øygarden kommune søkjer no etter vaksne menn som ønskjer ein unik moglegheit for å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom Menn i helse.

Utdanninga er komprimert og tilrettelagt for arbeidssøkjande menn i alderen 25 – 55+. Deltakarane får tittelen helserekruttar, og under utdanninga vert det veksla mellom å ta imot yting frå NAV og løn frå kommunen.  

Påmelding til informasjonsmøte

Ta sjansen å verta med på eit uforpliktande informasjonsmøte det det vert gjeve informasjon om utdanninga, økonomi og jobbmoglegheitene. Helserekruttar frå tidlegare kull er også til stades og deler erfaringane sine og tilrådingar. 

  • Tid og stad: 30.01.24. kl. 12-14. Amalie Skram videregående skole, Lungegårdskaien, Bergen
  • Meld deg på her: NAV kursoversikt
     

Der vert det orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene. I etterkant av møtet vert det gjennomført intervju. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar får tilbod om ein 12 veker lang rettleiande praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Er du vår neste mann? Grip moglegheita! 

Kjenner du nokon som fortener ein slik moglegheit? Tips dei om Menn i helse! 

Har du spørsmål om Menn i helse?  

Ta kontakt med fylkeskoordinator: Kjetil Kvidahl

  • Telefon: 977 48 055
  • E-post: Kjetil@mennihelse.no