Evakuerte bebuarar etter røykutvikling
Ni bebuarar på Fjell sjukeheim på Straume vart evakuerte etter røykutvikling tysdag kveld. Rundt klokka 22.30 kunne personalet starta arbeidet med å flytta bebuarane tilbake til romma sine. Det er ikkje meldt om at personar er skadde.
Fjell sjukeheimSituasjonen er no avklart. Det har ikkje oppstått brann på bygget, men røykutvikling. Det vert gjennomført tekniske undersøkingar.
Styrar på Fjell sjukeheim, Eivind Flem, opplyste klokka 22.30 at alle pårørande til dei evakuerte bebuarane er kontakta eller vil bli kontakta.
- Dei evakuerte vart flytta til trygge stader på andre avdelingar. Personalet har gjort ein fantastisk jobb med evakueringa. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå brannvesenet og politiet på måten evakueringa vart gjennomført på. Eg opplever at bebuarane har det bra no, seier Flem.
Rundt klokka 22.30 kunne personalet starta med å flytta dei evakuerte tilbake til romma sine.
Ordførar Tom Georg Indrevik vil også gje ros for at evakueringa gjekk fint og at dei fann trygge plassar for bebuarane inntil situasjonen vart avklart.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 29.10.2024 22.53