Fagverkstad førebuande opplæring for vaksne (FOV

I dag, måndag 21.oktober, arrangerer avdelingsleiar Ragnhild Hareide Breivik, fagverkstad på Vaksenopplæringa.

Lærarane vart organiserte i ulike faggrupper. - Klikk for stort bileteLærarane vart organiserte i ulike faggrupper.

27 motiverte lærarar og leiarar frå Alver, Austevoll, Osterøy, Askøy og Øygarden kommunar møtest for erfaringsutveksling og fagleg oppdatering. De er alle svært positive til at dei som manglar grunnopplæring no har fått ein eigen læreplan med innhald som er tilpassa vaksne deltakarar og deira livssituasjon.

Ny opplæringslov for vaksne krev endringar i måten vi organiserer opplæringa på, då alle som ikkje har grunnopplæring frå heimlandet, eller manglar dokumentasjon på denne, har rett til å få realkompetansen sin vurdert og dokumentert. Kommunane sitt ansvar vert då å fylla på den fagkunnskapen deltakaren manglar, for å sikra ei effektiv og målretta kvalifisering. 

Målet er opplæring på vidaregåande nivå, som til dømes fagbrev. Endringar i integreringslova tek også sikte på at fleire skal kunna oppnå formell kvalifisering innanfor rammene av introduksjonsprogrammet.

: Julie Solbakken frå Austevoll, Arne Johan Sæle frå Alver og Trude Tomren frå Osterøy. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Julie Solbakken frå Austevoll, Arne Johan Sæle frå Alver og Trude Tomren frå Osterøy.

Viktig å snakka saman om undervisninga

Lærarane var organiserte i grupper etter faga naturfag, samfunnsfag, engelsk og matematikk. Fleire fortel at det er utfordrande å implementera ein ny læreplan når dei nasjonale retningslinene ikkje er på plass, og ein ikkje veit korleis eksamen skal gjennomførast. Det vert difor viktig å snakka saman om korleis ein legg opp undervisninga i dei ulike faga, og lærarane deler tips, opplegg og idear til ulike nettbaserte ressursar. 

Magdalena Kleppe og Rigmor Bråten (lærarar i FOV) frå Øygarden saman med Cecilie Fagerbakke; leiar for Askøy lærings- og integreringssenter. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Magdalena Kleppe og Rigmor Bråten (lærarar i FOV) frå Øygarden saman med Cecilie Fagerbakke; leiar for Askøy lærings- og integreringssenter.

Julie Eide Solbakken, dagleg leiar for Vaksenopplæringa i Austevoll, seier at ho set stor pris på dette initiativet frå Øygarden kommune. 

- Det er svært nyttig å kunna samle så mykje erfaring og kompetanse på ein stad i arbeidet med det nye læreplanverket, seier ho. 

Trude Bredal Tomren, leiar for Osterøy integrerings- og læringssenter, meiner at det er heilt naudsynt å kunna dra vekslar på kvarandre, også frå eit leiarperspektiv. Ved slike store endringar må ein ofte «finna opp kruttet» sjølve og det kan vera utfordrande å «halda hovudet over vatnet». 

Gruppearbeid - Klikk for stort bileteGruppearbeid

På leiarbordet drøfta dei mellom anna organisering, ressursbruk og utfordringar knytt til kva som er forsvarleg drift. Både lærarar og leiarar kjenner på behovet for å trygge kvarandre i felles praksis og samkøyring av opplæringstilbodet.

 

Nina Håvik Pettersen
einingsleiar i Øygarden vaksenopplæring