Feira 100 år gamle Ingrid Nordvik Ottesen

Det var duka til fest på Tednebakkane omsorgssenter sundag ettermiddag. Dei femti gjestene fekk vera med på festen for Ingrid Nordvik Ottesen som fylte 100 den 17. april

Tom Georg Indrevik og Ingrid Nordvik Ottesen på 100-årsfeiringa på sundag. - Klikk for stort bileteTom Georg Indrevik og Ingrid Nordvik Ottesen på 100-årsfeiringa på sundag.

Ordførar Tom Georg Indrevik overrekte blomehelsing frå kommunen og stilte det faste spørsmålet om kva som skal til for å verta 100 år gamal.

-    Det er sunt kosthald. Eg har halde meg til skive med leverpostei, sa Ingrid.

Ordføraren set pris på å få vera med på feiringar som dette.

-    Det er alltid hyggeleg å treffa innbyggjarar som fyller 100 år. Det var flott at familien laga til ei så flott feiring for Ingrid, seier Tom Georg Indrevik.
Ingrid Nordvik Ottesen vaks opp på Nordvik med foreldra og ni andre søsken. Den første arbeidserfaringa fekk ho på posten og butikken som var driven av foreldra på Nordvik.

Ho gifta seg i 1924 med Normann Johan Nautnes i 1948. Mannen døde av kreft berre eitt år etter giftarmålet. Ingrid bdygde seg hus like ved Nautnes bru tidleg på 1950-talet. 

Ingrid likte svært godt å sy. Ho jobba som skreddar på Toska på Radøy. Der trefte ho Johannes Ottesen som ho gifte seg med rundt 1960. Johannes var sjømann som etter at han «gjekk i land» hadde «ringeavtale» med Stureanlegget som kjentmann og altmoglegmann fram til han var rundt 80 år.

Arbeid med hendene

Ingrid Nordvik har alltid likt å arbeida med hendene, som til dømes syarbeid og treskjering. Ho har mellom anna arbeidd som handarbeidslærar og på sybutikk i Bergen. Ho arbeidde også ein periode på augeklinikken i Bergen.
Jubilanten har alltid hatt god helse og må seiast å framleis vera sprek. Ho budde heime til ho vart nærare 99 år og var flink til å ta seg av søsken og tantebarn. Eitt av tantebarna fortel at døra i heimen var alltid open, og Ingrid stilte ofte opp med varme og gode lappar til familiemedlemene som kom på besøk.

No bur ho på Tednebakkane omsorgssenter. Ho fylte 100 år den 17. april. Dagen vart feira på omsorgssenteret sundag 21. april saman med om lag 50 vener og familiemedlemer.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ottar Vik