Aslaug tykte det var stas å få besøk av ordførar Tom Georg IndrevikAslaug Høyland er verkeleg ei sprek kvinne. Ho bur framleis heime. Sjølv tykkjer ho at det er utruleg at ho er blitt hundre år.
- Det er imponerande at ho bur heime med god hjelp frå familien. Dette er ei flott dame som ber alderen sin med verdigheit, seier ordførar Tom Georg Indrevik etter at han møtte henne på visitten.
Barnebarnet Ina Høyland Hjartøy fortel at Aslaug er ei positiv og livsglad kvinne. Ho var svært glad for at også ordføraren møtte opp og gratulerte henne med dagen.
Aslaug vaks opp på Steinsland. Under krigen var ho heimeverande hushjelp og jobba eitt år i forsyningsnemnda. Seinare arbeidde ho med sildesalting og på ein krabbefabrikk på Tonganaustet.
Ho gifta seg med Arne Høyland og flytta til Høyland i 1951. Paret fekk fire barn. Arne var fiskar og var medeigar i båten han jobba på. Aslaug tok seg av barna og gardsdrifta heime og såg til gamle og sjuke svigerforeldre. Ho strikka klede som ho selde i Bergen.
Ho er glad i familien og gler seg over storfamilien. Ho har åtte oldebarn. Snart kjem det niande.
Ho har alltid vore ei aktiv kvinne og delteke i ulikt frivillig arbeid. Ho song i eit songkor og var med i ungdomslaget, mellom anna som styreleiar. Ho sat i styret for Sund pensjonistlag og var medlem og sekretær i sanitetsforeininga/husmorlaget.
Aslaug har alltid likt å strikka, sy, lytta til musikk og dansa. Ho er sosial og likar å snakka i telefonen og halda seg orientert. Ho har godt humør og ler mykje.
- Ein god latter forlengjer livet, seier ho gjerne.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: privat