Feiring for alle på Spildepollen

Det var full jubel då alle elevane på Spildepollen i føremidag var samla i fellesrommet for å feira at skulen deira nådde heilt til topps i MatteMaraton 2024.
- Dette var gøy, og så er vi jo stolte, seier David Phong Benjamin.

David Phong Benjamin og Lara Sofia Moritz viser stolt fram pokalen. - Klikk for stort bileteDavid Phong Benjamin og Lara Sofia Moritz viser stolt fram pokalen.

Spildepollen var ikkje åleine om suksessen. Dette året tapetserte skulane i Øygarden lista på landsbasis. Elevane i Øygarden oppnådde det historisk beste resultatet i MatteMaraton i regi av Kikora. I løpet av mai hadde 4 138 elevar frå Øygarden løyst 1 975 802 oppgåver og tilbakelagt over 316 tusen kilometer. På plassane bak følgde Toftøy skule (2), Tjeldstø skule (3), Bjorøy skule (4) og Knappskog skule (5).

David Phong Benjamin og Lara Sofia Moritz var mellom dei ivrigaste i 6. klasse. David har registrert 22 timar jobbing i løpet av mai, medan Lara har jobba med MatteMaraton i 18 timar. 

Begge er innstilte på å gjera ein stor innsats i MatteMaraton også neste år.

- Eg likar godt matte, og særleg når eg får rette svar. Eg har jobba hardt og mykje, både på skulen og heime. Eg likar best ganging og addisjon, seier David.

Heile elevflokken - Klikk for stort bileteI dag var det feiring for alle på Spildepollen.

Gøy og utfordrande

Lara likar best å arbeida med pluss og minus. Også tekstoppgåver er ok. 

- Korleis opplever du å vera med i MattaMaraton?

- Eg synest det er gøy og utfordrande. Vi får fleire poeng desto vanskelegare oppgåva er. Vi har starta dagen med å gå ei løype på 1,2 kilometer. Vi kan gå eller springa løypa som er ganske lett, seier Lara.

- Eg går 1,4 kilometer til og frå skulen kvar dag. Dette får vi også poeng for. Det var gøy å vera med på MatteMaraton, og eg er stolt av resultatet til skulen, seier David.

Også Aron Sjursen i første klasse jobba godt med matteoppgåvene i mai. Han løyste 1 316 oppgåver.

- Det var kult, og det var gøy. Eg likar forskjellige oppgåver, men synest deling er det vanskelegaste. Eg har jobba både på skulen og heime. Eg gjekk også ein tur på Fløien som eg fekk poeng for, seier Aron.

Aron Sjursen likar både mattematikk og lesing. - Klikk for stort bileteAron Sjursen likar både lesing og mattematikk.

Det var rektor Linda Selheim som ønskte alle elevane velkomne til feiring av den store innsatsen i MatteMaraton.

- Spildepollen oppnådde det beste resultatet i Noreg nokosinne. Ingen gjorde det så bra som oss i heile landet. No kan de gjerne klappa for dykk sjølv, sa rektoren. 

Og det gjorde alle elevane. Det vart kake, gele og is på alle denne dagen. Det var fullt fortent. 

Stolt oppvekstsjef

Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, gratulerer Spildepollen med innsatsen.

- Eg er stolt både av den fantastiske innsatsen til Spildepollen og dei andre skulane i Øygarden. I tillegg til at vi fekk den beste skulen, var Øygarden den klart beste kommunen i landet. Det vert arbeidd godt i øygardsskulen, og dette er eit flott døme på korleis vi skapar engasjement både rundt matematikk og fysisk aktivitet. Gratulerer til både elevar og tilsette! 


Tekst og bilete: Vigleik Brekke