Fem nye innbyggarar tredje kvartal

Nye befolkningstal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at innbyggartalet i Øygarden auka med fem personar tredje kvartal 2023.

Foto: Colourbox - Klikk for stort bileteFoto: Colourbox

Dette er blant den lågaste veksten i løpet av eitt kvartal sidan vi vart ny kommune i 2020. Fødselsoverskotet (18 personar) var det viktigaste bidraget til folkeveksten siste kvartal. Nettoinnvandring utgjorde seks personar, medan innanlandsk nettoinnflytting var negativ (-19 personar). 

Så langt i år har vi blitt 198 fleire innbyggarar. Det er 50 færre enn på same tid i fjor, og utgjer ein vekst på 0,5 prosent. Veksten hittil i år har vore høgare enn i Askøy og Alver (0,3 og 0 prosent), men lågare enn i Bjørnafjorden og Bergen (1,3 og 0,6 prosent).

Folketalet i Øygarden har auka med 1 250 personar sidan kommunesamanslåinga. Dersom folketalet utviklar seg i same tempo kan vi venta å vera 40 tusen innbyggarar ved juletider til neste år.  

Tekst: Kristina Espeseth