Fiskar og tømmermann runda 100

Oskar Rong runda 100 år 20. mars. Ordførar Tom Georg Indrevik var på plass på Tednebakkane omsorgssenter og overrekte blomar til jubilanten.

Jubilanten Oskar Rong og ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteJubilanten Oskar Rong og ordførar Tom Georg Indrevik

Oskar Rong bur på Kvalen heilt sør på Rong med Nordsjøen som nabo i vest. Det er frå havet og småfiske i området kring øyane vest for stovedøra si han har henta det meste av livsgrunnlaget sitt i alle desse åra. Naustet og båtstøa ligg berre eit steinkast frå heimen. Han kjenner alle Rong-øyane og alle fiskeplassane i området like godt som si eiga bukselomme.

Ordførar Tom Georg Indrevik ville gjerne vita oppskrifta på korleis ein skal nå 100 år.

-    Det viktigaste er å plassera Vår Herre øvst ved bordet, var Oskars klare svar.

Tom Georg Indrevik seier at det er imponerande at vi nok ein gong kan besøkja ein 100-åring.

- Det var eit hyggeleg bekjentskap. Det er koseleg  når familien kan samlast slik dei gjorde for Oskar. Han hadde eit godt humør og han viste at han framleis er fabelaktig i hovudrekning, seier ordføraren.

Frå venstre; kona til Oskar Rong, Kristi Rong, Oskar Rong og Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteFrå venstre; kona til Oskar Rong, Kristi Rong, Oskar Rong og Tom Georg Indrevik

Fiskar og bygningsmann

- I mange år var eg på sildefiske om vinteren med «Rongøy», og endå fleire år brukte eg laksenot og laksegarn, trollgarn, ruser og teiner i nærområdet. Det er blitt mange tonn fisk gjennom alle åra, Ja, eg har vore bra heldig, seier han.
Men det var som tømrar og bygningsmann i delar av året at Oskar måtte spe på inntekta. 

- Eg trur nok eg har vore med og bygd 100 hus i distriktet vårt gjennom åra», fortel Oskar.

Oskar og Kristi (frå Algrøyna) gifta seg i 1956 etter at dei fann kvarandre på tur med betelskipet «Elieser».  Dei har fostra opp fire gutar og to jenter i heimen sin.

Gjennom kristne medium  held Oskar seg oppdatert på kristenfronten i Norge. Han likar å løysa kryssord som står i avisa Dagen og lokalavisa. Fleire av tankane hans har komne på trykk i Dagen som lesarbrev.

Oskar har brukt mykje tid nede ved naustet. - Klikk for stort bileteOskar har brukt mykje tid nede ved naustet.

- Bedehuset var min åndelege heim

I ungdomstida  var det ofte møte på skulehuset på Rong med stor tilslutning. 

- Me skipa musikklag med trekkspel og gitar, og eg spelte fele. Nytt bedehus på Rong vart bygd i 1953. I dag er bedehuset stengt og aktiviteten er flytta til møtelokale på Rong Senter.

Oskar Rong og kona bur no på Tednebakkane omsorgssenter. Her får han god omsorg og pleie.


Tekst og foto: Ottar Vik