Ordførar Tom Georg Indrevik og dagleg leiar Helge LogMiljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.
Utedesign leverer skreddarsydde uteromsløysingar som til dømes vinterhagar med glastak, glasdører og pergola. Produkta vert i stor grad produserte i eigne lokale på Straume. Bedrifta har 45 tilsette, derav 20 på hovudsenteret på Straume, og omset for 140-150 millionar kroner. 70 prosent av kundane er privatpersonar.
Utedesign starta opp i Smålonane i 2012. I 2019 flytta verksemda til Idrettsvegen. Bedrifta har avdelingskontor i Bergen, Stavanger, Oslo, Sandefjord og Moss.
- Dette året er målet 200 millionar kroner i omsetnad, seier ein optimistisk Helge Log.
Ifølgje den daglege leiaren er folk meir villige enn før til å betala for å ha det fint og godt heime.
- Vi opplever at det er marknad for dette, seier han.
For Utedesign er det naturleg å verta miljøfyrtårnsertifisert.
- Kundane har fokus på miljø og berekraft, og vi opplever at det er meir og meir krav om at vi er sertifisert. Reint forretningsmessig vert også dette rett for oss, seier den daglege leiaren.
Tekst og foto: Vigleik Brekke