Følg kommunestyremøtet på kommune-TV

Torsdag 20. juni er det kommunestyremøte i Øygarden rådhus på Straume. Dette er siste møte før ferien. Møtet tok til klokka 09.30.

Det er 33 saker på dagsorden. 

Mellom sakene er tiltak for å sikra god trafikkflyt under anleggsperioden for Sotrasambandet, status langs trase for Vestprosess røyrleidning, Framtidssamfunnet og fleire årsmeldingar og rekneskap.

Klokka 16.00 er det utdeling av kommunale stipend for idrett og kultur, og klokka 17.00 vert det presentasjon av prosjektet “Syngande kommune” med song og orientering av Fjellkoret.

Alt dette kan du få med deg her på kommune-TV.