Følgjer opp brann på Rong skule

Den kommunale kriseleiinga (KKL) er samla etter brann på Rong skule laurdag ettermiddag. Det er ikkje meldt om personskade som følgje av brannen.

Frå inngangspartiet til Rong skule etter brannen laurdag ettermiddag - Klikk for stort bileteFrå inngangspartiet til Rong skule etter brannen laurdag ettermiddag. Øygarden kommune

Brannvesenet opplyser at brannen er sløkt og under kontroll. 

Øygarden kommune ved byggdrift er på staden og arbeider med å få oversikt over situasjonen og skadeomfanget. 

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at bygget har fått så store skader at det truleg vert undervisning i alternative lokale frå måndag. Foreldre vil få nærare informasjon om korleis undervisninga vert organisert.

-    Eg er svært glad for at brannvesenet var tidleg på plass og fekk avgrensa skadeomfanget, seier ordføraren.

Vi vil koma tilbake med meir informasjon.